Sprangriding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kevin Babington på vallaken Caracas 49 under tevlinga Fidelity Jumper Classic.

Sprangriding er ein hestesport med opphav i parforsejakt. Hest og ryttar, som saman vert kalla ein ekvipasje, skal konkurrere i å hoppe over hinder på ei bane.

I første omgang konkurrerer ein i å komme gjennom bana med færrast mogleg feil og innanfor ei maksimaltid. Feil gjev feilpoeng. Riv, refusering (om hesten stoggar før hinderet) og krysning frå eige spor gjev fire feilpoeng. Etter ro refusjonar/kryssingar av eige spor blir ekvipasjen eliminert frå konkurransen (tre på mindre stemne). Dersom maksimaltida vert overskride får ein også feilpoeng. Ekvipasjar som rir feilfritt, konkurrerer på nytt i ein ny omriding, der også tida tel. Den som då har færrast feil og har nytta kortast tid vinn. Dersom to eller fleire ekvipasjar står likt etter omriding, konkurrerer desse på nytt. Hindera kan vere oppstilt i oxer, rekk, trippelbar og kombinasjonar inne på ei bane. Det er forskjellige vanskelegheitsgrader, alt etter hestetype og alderstrinn. Desse går på hindera si høgde og kor krevjande bana er. Menn og kvinner konkurrerer mot kvarandre, men dei vet delt inni ein klasse for ponni, der dei er delt inni kategoriar, og ein for hest, dette fordi ponniane er lågare og tek kortare steg. I tillegg vert konkurransane delt inn i fire ulike årsklassar.

Nederlandsk reportasje frå Jumping Amsterdam i 1967.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sprangriding var ei grein i OL for fyrste gong i 1900. Greina er open for både mannlege ryttarar over 18 år. Kvinner kunne ikkje delta før i 1920.

Trippelbar.
Oxer.

Hindertypar[endre | endre wikiteksten]

  1. kryss
  2. oxer
  3. rekk
  4. trippelbar
  5. mur
  6. vassgrav
  7. grind

Det finst også andre typar hinder, som til dømes svinekam og mølle, men desse er ikkje like vanlege å møte i ein sprangbane.

Hest med ung jente ved Baltic Cup i Randers i 2006.
Foto: Malene Thyssen
Michael Whyte på vallaken Highpark Lad under British Jumping Derby i 2011.

Inndeling av ekvipasje[endre | endre wikiteksten]

  • Ponniryttarar: Til og med utgangen av det året dei fyller 16 år.
  • Juniorryttarar: Til og med året dei fyller 18 år.
  • Unge ryttarar: Frå og med det året dei fyller 18 år til og med utgangen av det året dei fyller 21 år.
  • Seniorryttarar: Frå og med det året dei fyller 18 år. I dressur frå og med det året dei fyller 16 år.

Inndeling av ponniar[endre | endre wikiteksten]

  • Kategori 1 140,1-149 cm mankehøgde
  • Kategori 2 130,1-140 cm mankehøgde
  • Kategori 3 under 130 cm i mankehøgde

Alt over 149,1 cm i mankehøgde vert rekna som ein hest. Dette vil seie at om ein til dømes har ein ponnirase som er 149,1 cm, er den rekna som hest, og om du ein har ein hesterase som er 149 cm er han rekna som ponni. I Noreg kan ponniryttarar delta i krestmeisterskap frå og med det år dei fyller 11 år, og noregsmeisterskap frå og med det året dei fyller 13. I køyrekonkurranse er det inga øvre aldersgrense for å køyre ponni, bortsett frå i kat. 3, som ikkje kan køyrast i eitspann maraton av kusk over 20 år. For å konkurrere med ein kategori 3 ponni, er det høgde og vektavgrensing på ryttaren med 160 cm og 60 kg.

Sprangriding i Brno i 2011.

Ryttarar[endre | endre wikiteksten]

Nokre norske ryttarar som er eller har vore i verdstoppen:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.