Ferenc Gyurcsány

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ferenc Gyurcsány i det kvite huset i 2005

Ferenc Gyurcsány, fødd 4. juni 1961 i Pápa i vest-Ungarn, er ein ungarsk politikar, og var statsminister i Ungarn frå 2004 til 2009. Han representerer Det ungarske sosialistpartiet (Magyar Szocialista Párt - MSZP).

Gyurcsány studerte til å bli lærar og fekk bachelorgrad i 1984 frå Janus Pannonius-universitetet i Pécs. I 1990 fullførte han ein mastergrad i økonomi ved det same universitetet. Han vart først med i politikken gjennom den kommunistiske ungdomsligaen (KISZ) i 1984. Frå 1984 til 1988 var han nestleiar i KISZ i Pécs. Frå 1988 til 1989 leia han KISZ sin studentorganisasjon. etter kommunismens fall i 1989 vart han nestleiaren i KISZ sin etterfylgjar, det Ungarske Demokratiske Ungdomsforbundet. I 1990 avbraut han den politiske karrieren sin for å jobba i næringslivet.

I 2002 vendte han tilbake til politikken, som rådgjevar for Péter Medgyessy, som vart statsminister i 2002. Frå mai 2003 til september 2004 var han minister med ansvar for idrett, ungdom og born. Han sat i denne posisjonen då Ungarn vart utsett for ein dopingskandale under sommar-OL i Athen i 2004. Etter samarbeidsproblem med Medgyessy gjekk han av frå regjeringa i september 2004. Like etterpå måtte Medgyessy gå av som statsminister etter at sosialistpartiet sin liberale koalisjonspartnar ikkje lenger kunne godta han. Gyurcsány vart då vald som statsminister av parlamentet, 29. september 2004. Ved parlamentsvalet i 2006 gjekk sosialistpartiet hans fram med litt over eitt prosentpoeng og fekk 43,2 % av røystene. Gyurcsány si koalisjonsregjering vart dermed sitjande.

Gyurcsány gjekk av som statsminister 14. april 2009 og vart erstatta av partifellen Gordon Bajnai.

Gyurcsány er gift for andre gong. Han har to søner frå det første ekteskapet, og ein son og ei dotter frå det andre.