Pécs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pécs
Megyeszékhely - Baranya megye - Pécs.jpg
Plassering
Pécs is located in Ungarn
Styresmakter
Land
Region
Megye
Ungarn Ungarn
Sør-Transdanubia
Baranya
Grunnlagd 100-talet som ein romersk koloni
Geografi
Flatevidd
 - By

162,61 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

156 576
  963/km²
Koordinatar 46°04′17″N 18°13′59″EKoordinatar: 46°04′17″N 18°13′59″E
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 7600
Telefon-retningsnummer 72
Heimeside: www.pecs.hu/

Pécs (utt. Petsj)[1] er den femte største byen i Ungarn. Han er det administrative setet og det økonomiske senteret i fylket Baranya. Pécs var europeisk kulturhovudstad i 2010 i lag med Essen og Istanbul.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Det tidlegaste namnet på området var det romerske nament «Sopianæ». Namnet er kanskje ei fleirtalsform av det keltiske ordet sop, som tyder 'myr'.

Mellomalderbyen vart først nemnd i 871 under namnet Quinque Basilicae («fem katedralar»). Namnet referer til at då kyrkjene i byen vart bygd nytta ein materiale frå fem gamle kristne kapell. I seinare latinske dokument vart byen nemnd som Quinque Ecclesiae («fem kyrkjer», eit namn identisk til det tyske namnet Fünfkirchen og til det slovakiske namnet Päťkostolie.)

Namnet «Pécs» dukkar opp i dokument i 1235 som «Pechyut» (med moderne staving: pécsi út, som tyder 'vegen til/fra Pécs'). Namnet «Pécs» har slavisk opphav og kan tyde 'fem' eller 'smelteomn' i slaviske språk. Ein by i Kosovo har liknande nemn – Peć. Ein meiner at namnet på ein annan ungarsk by, Pest (i dag ein del av Budapest), har same opphav.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Hovudplassen i Pécs

Området har vore busett sidan antikken og dei eldste arkeologiske funna er 6000 år gamle. Før romartida var området busett av keltarar. Då Vest-Ungarn var ein provins i Romarriket (kalla Pannonia), grunnla romarane fleire vinproduserande koloniar under namnet Sopianae der Pécs i dag ligg, tidleg på 100-talet. Delar av ein romersk akvedukt står framleis i byen. Då Pannonia vart delt inn i fire administrative distrikt vart Sopianae hovudstaden i området kalla Valeria.

På første halvdel av 300-talet vart Sopianae ein viktig kristen by. Den første kristne gravplassen, frå denne tida, står i dag på UNESCO si verdsarvliste.

Mot slutten av hundreåret vart det romerske styret i området svekka, hovudsakleg på grunn av åtak frå barbararar og hunarar. Då Karl den store kom til området var det styrt av avararar og slavarar. Karl den store erobra området og annekterte det til Det tysk-romerske riket. Det var ein del av bispedømet Salzburg.

Hovudplassen.

Etter ungararane erobra området seint på 800-talet og tidleg på 900-talet og grunnla regionen Baranya, var ikkje hovudstaden i Pécs, men ved ei nærliggande borg kalla Baranyavár. Pécs vart derimot eit viktig religiøst senter og eit bispesete.

I 1064 då kong Solomon gjorde fred med søskenbornet sitt, seinare kong Géza I, feira dei påske i Pécs. Kort tid etter brann katedralen ned. Katedralen som står i byen i dag vart bygd etter dette, på 1000-talet.

Kong Ludvig den store grunnla eit universitet i Pécs i 1367 etter råd frå Vilhelm, biskopen av Pécs, som óg var kongen sin kanslar. Dette var det første universitetet i Ungarn.

Moskeen Gázi Kászim pasha

Etter slaget ved Mohács i 1526, der den invaderande osmanske hæren slo hæren til kong Ludvig II, vart Pécs erobra og plyndra.

Store delar av landet vart erobra av osmanarane og i tillegg var innbyggjarane i landet delte om kven som burde vere konge av Ungarn. Ein del støtta Ferdinand av Habsburg og den andre delen John Zápolya i Székesfehérvár. Innbyggjarane i Pécs støtta Keisar Ferdninand. Sommaren 1527 slo Ferdinand hæren til Zapolya og vart krona til konge 3. november. Ferdinand takka byen for støtten deira og Pécs slapp å betale skatt. Pécs vart ombygd og det vart bygd festningsverk.

I 1529 erobra osmanarane Pécs igjen. Osmanarane tvinga Pécs til å aksepterte Kong John (som var deira allierte) som kongen deira. John døydde i 1540. I 1541 okkuperte osmanarane borga i Buda, og gav Isabella, enka etter John, om å gje dei Pécs, sidan byen var strategisk viktig. Innbyggjarane av Pécs forsvarte byen mot osmanarane og svor lojalitet til Ferdinand. Keisaren hjelpte byen og forsvarte han mot fleire åtak frå osmanarane, men rådgjevarane hans overtalte han til å fokusere meir på bayne Székesfehérvár og Esztergom i staden for Pécs. Pécs gjorde seg klar for omleiringa, men dagen før flykta flamske og vallonske leigesoldatar frå byen. Dagen etter, i juni 1543, gjekk biskopen sjølv til osmanarane med nøklane til byen.

Osmanarane gjorde byen om til ein osmansk by, der kyrkjene vart omgjort til moskear, og det vart bygd tyrkiske bad og minaretar. Byen vart styrt av muslimar etter sharialovene. I om lag hundre år var byen ei øy av fred i eit land i krig.

I 1664 plyndra Nikola Zrinski Pécs og store delar av byen vart øydelagd. Byen vart frigjort i 1686, men osmanarane, som såg at dei ikkje ville klare å halde byen, brende ned byen då dei rømde.

Byen kom først under krigsrett under Karl von Thüngen sin kommando. Retten i Wien ville først øydelegge byen, men valde så å halde han som ei motvekt til Szigetvár, som framleis var under osmansk styre. Sakte, men sikkert kom byen seg på fote att, men i 1690-åra kravde to pestepidemiar mange liv. Det var lite ungarar i byen på denne tida, og dei fleste var slavarar og tyskarar. Sidan det var få ungarar i byen støtta ikkje Pécs revolusjonen mot Habsburg leia av Frans II Rákóczi, og hæren hans plyndra derfor byen i 1704.

Industrien utvikla seg på andre halvdel av 1800-talet, og nokre av fabrikkane vart kjende over heile landet. Jern- og papirfabrikkane var av dei mest moderne for si tid. Det vart óg bygd ein sukkerfabrikk og eit ølraffineri.

Under revolusjonen i 184849 vart Pécs okkupert av den kroatiske hæren ei kort stund, men vart frigjort av habsburghæren i januar 1849.

Etter Ausgleich (1867) utvikla Pécs seg vidare, i lag med dei andre byane i landet. I 1867 fekk Pécs jernbanesamband til Barcs og frå 1882 til Budapest. I 1913 vart det oppretta sporvegar, men desse vart nedlagde i 1960.

Mot slutten av den første verdskrigen vart Baranya okkupert av Serbia, og det var ikkje før i august 1921 at Pécs var sikker på at dei vart verande ein del av Ungarn. Universitetet i Pressburg (i dag Bratislava i Slovakia) vart flytta til Pécs etter at Ungarn mista Pressburg etter Trianontraktaten.

Under den andre verdskrigen fekk Pécs berre mindre skadar, sjølv om eit stort stridsvognslag fann stad 20-25 km sør for byen då Den raude arméen avanserte mot Austerrike.

Etter krigen utvikla byen seg raskt vidare og absorberte nærliggande landsbyar. I 1980-åra hadde 180 000 innbyggjarar.

Etter slutten på kommunisttida (1989–1990) vart Pécs og fylket hardt råka av endringane og arbeidsløysa var høg. Gruvene og fabrikkane vart stengde og krigen i nabolandet Jugoslavia i 1990-åra gjekk utover turismen.

Pécs har opplevd ein renessanse dei siste åra med ein ny motorveg mellom byen og Budapest og vart mellom anna utvald til europeisk kulturhovudstad i 2010.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. latinsk namn Quinque Ecclesiae, tysk Fünfkirchen, kroatisk Pečuh, serbisk Печуј, Pečuj, slovakisk Päťkostolie, tyrkisk Peçuy

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pécs