Festspillene i Nord-Norge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Forsvarets Musikkorps Nord-Norge speler i Generalhagen under Festspillene med Jan Høiland som solist og Terje Boye Hansen som gjestedirigent.
Foto: Even Thorbergsen (2007)

Festspillene i Nord-Norge (FINN) er eit årleg kulturarrangement i Harstad i Noreg. Festspela føregår i juni, vanlegvis ei veke rundt midtsommar, og blei første gong haldne i 1965. Dei har som føremål å styrka kunst- og kulturlivet i Nord-Noreg, og omfattar til dømes konsertar, teater- og filmførestillingar og kunstutstillingar og seminar. I tillegg til hovudfestspela held ein pgså Nordnorsk Ungdomskulturfestival og Barnas Festspill. Det blir også laga arrangement utanfor Harstad, og turnéverksemd i landsdelen.

Utvalde profilar[endre | endre wikiteksten]

Festpillene i Nord-Norge har fleire år utnemnd ein festspelkomponist, mellom anna Terje Rypdal (1988), Synne Skouen (1990), Olav Anton Thommessen (1996) og Anneli Drecker (2002). Fleire festspelprofilar har også vore musikarar, som Mari Boine (1996), Kari Bremnes (1998) og kulturutøvarar som dekkjer fleire kunstuttrykk, som Nils-Aslak Valkeapää (1991) og Ketil Bjørnstad. Elles har ein vald utøvarar av mange ulike former for kultur, som dansaren Solveig Leinan Hermo (1989), forfattaren Lars Saabye Christensen (1997), skodespelaren Bjørn Sundquist (1999) og kunstkompaniet Pikene på broen (2007).

Tilskiping[endre | endre wikiteksten]

Festspillene i Nord-Norge blir arrangerte av ei stifting med same namn. Noverande direktør er Tone Winje (2014).

Direktørar

  • 1965–1966 Kåre Ystanes
  • 1966–1969 Paul A Ramm
  • 1969-1977 Rolf Vestvik
  • 1977-1984 Arvid Matheussen
  • 1984–1991 Bjørn Hulleberg
  • 1991–1996 Ola Bruun
  • 1996–2001 Tove Karoline Knutsen
  • 2001–2002 Inger Anne Utvåg
  • 2002–2003 Erik M Bugge
  • 2003–2011 Birger Carlsen
  • 2011– Tone Winje

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]