Harstad kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Harstad)
Gå til: navigering, søk
Harstad kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1901
Fylke Troms
Adm.senter Harstad
Areal 363 km²
Folketal 23 616 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-2015) Marianne Bremnes (Ap)
Målform Nøytral
Nettstad www.harstad.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1901.svg
Harstad kommune på Commons

Harstad er ein by og kommune i Troms. Han er den nest største byen i fylket, tredje største i Nord-Noreg, og var ladestad frå 1904. Under kommunereforma i 1964 blei Harstad slått saman med dei to tidlegare kommunane Trondenes og Sandtorg. Mesteparten av kommunen ligg på nord- og austsida av Hinnøya, den største øya i Noreg.

Hurtigruteskipet MS «Kong Harald» til kai i Harstad.

Byen er administrasjons- og skulesenter Sør-Troms, og eit viktig trafikknutepunkt, med mellom anna daglege vitjingar av Hurtigruta. Dei nordnorske festspela blir arrangerte i Harstad kvart år i slutten av juni. Byen har eiga lokalavis, Harstad Tidende.

Innhaldsliste

[endre] Forsvaret

Harstad er tidlegere forsvarsby med Trondenes leir som mellom anna viser fram Adolfkanonen frå den andre verdskrigen. Han huser eller har husa:

[endre] Bydelar og bygder

Harstad by har tolv bydelar: Trondenes, Sama, Harstadåsen, Skaret, Sentrum, Heggen, Seljestad, Harstadbotn, Åsby, Gangsås, Stangnes og Kanebogen.

Desse tettstadane og bygdene, rekna sørover frå nordvest, ligg i kommunen: Kasfjord, Ervik, Hagan, Kilhus, Grøtavær, Lundenes, Alvestad, Medkila, Breivik, Ruggevik, Kilbotn, Nordvik, Melvik, Sørvik, Halsebø, Fauskevåg, Gausvik, Haukebø og Sandtorg.

[endre] Folketalsutvikling

Harstad kommune er den nest største kommunen i Troms etter folketal, og har vore det sidan kommunesamanslåingane i 1964.

Folketalsutvikling for noverande Harstad kommune frå 1930:

1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3][4][5] 1.1.1961[3][4][5] 1.1.1971[3] 1.1.1981[3] 1.1.1991[3] 1.1.2001[3] 1.1.2010[3]
11 441a 13 202a 14 039a 17 192 19 986 21 613 22 369 23 038 23 257
a Talet omfattar ikkje eit område som var del av Kvæfjord kommune fram til 1956, då det vart overført til gamle Trondenes kommune. Dette området hadde då 32 innbyggjarar.

[endre] Kjende harstadværingar

Kine Hellebust, songar, skodespelar

[endre] Verdt å sjå

[endre] Utanfor Wikipedia

[endre] Andre prosjekt

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Harstad kommune

[endre] Fotnotar

  1. Kjelde: SSB
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Folkemengd i Harstad 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  4. 4,0 4,1 Folkemengd i Sandtorg 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  5. 5,0 5,1 Folkemengd i Trondenes 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk