Filip Vujanović
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Filip Vujanović | |
| President i Montenegro | |
| Regjeringstid | 2002–idag |
|---|---|
| Fullt namn | Filip Vujanović (serbisk Филип Вујановић) |
| Fødd | 1. september 1954, Beograd i Jugoslavia (no Serbia) |
| Føregjengar | Milo Đukanović |
Filip Vujanović (fødd 1. september 1954 i Beograd) er ein montenegrinsk politikar, og president i Montenegro sidan 22. mai 2003. Før det var han fungerande president sidan 25. november 2002. Han vann presidentvalet 11. mai 2003 med 63 % av røystene, etter at to tidlegare presidentval vart underkjente grunna for låg valdeltaking. Før det tredje presidentvalet vart lova endra, slik at ei valdeltaking på over 50 % ikkje lenger var naudsynt.
Vujanović var tilhengar av sjølvstende for Montenegro, og då landet erklærte sjølvstende i mai 2006 vart han den første presidenten i den sjølvstendige republikken Montenegro.
Den 6. april 2008 vart han gjenvald for ein ny presidentperiode med 51,9 % av røystene i første valomgang.
| Føregjengar Milo Đukanović |
President i Montenegro 2002 |
Etterfylgjar |
| Føregjengar Milo Đukanović |
Statsminister i Montenegro 1998–2003 |
Etterfylgjar Milo Đukanović |