Serbia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Република Србија
Republika Srbija

(norsk: Serbia, serbisk)

Det serbiske flagget Det serbiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Bože Pravde»
Motto Samo sloga Srbina spasava (Berre sameining reddar serbarane)
Geografisk plassering av Serbia
Offisielle språk Serbisk
Hovudstad Beograd
Styresett
Republikk
Tomislav Nikolić
Aleksandar Vučić
Flatevidd
 – Totalt
 
77 474 km² (116.)
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
7 276 604 (98.)
106,34/km² (—.)
Sjølvstende
Frå Det osmanske riket
Frå Serbia og Montenegro
13. juli 1878
3. juli 2006
Nasjonaldag 15. februar
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
80 650 mill. USD (77.)
11 000 USD (80.)
Valuta Serbisk dinar1
Tidssone UTC +1
Telefonkode +381
Toppnivådomene .yu framleis i bruk .cs er reservert

1 Euro i nokre område.

Serbia (serbisk Србија, Srbija) er eit land i Mellom- og Søraust-Europa, som dekkjer den sørlege delen av Den pannoniske sletta og sentrale område av Balkan. Det grensar til Ungarn i nord, Romania og Bulgaria i aust, Makedonia, Kosovo og Montenegro i sør og Bosnia-Hercegovina og Kroatia i vest.

Hovudstaden i landet er Beograd. Sjølv om landet ikkje har kystlinje, har det 2000 km med vassvegar langs Donau, Sava og Tisza, samt Donau-Tisa-Donau-kanalen.[1]

I fleire hundreår har Serbia lege ved, og vorte forma av, den kulturelle grensa mellom Austen og Vesten. I mellomalderen var Serbia eit mektig kongedøme som dekte det meste av Balkan, men denne staten forsvann på midten av 1500-talet under stridane mellom Det osmanske riket, Repulikken Venezia, Kongedømet Ungarn og seinare Det austerrikske riket.

Den serbiske revolusjonen mot det osmanske styret i 1817 markerte starten på fyrstedømet Serbia, som låg rundt regionen Šumadija. Dette var den første nasjonalstaten i Mellom- og Aust-Europa.[2] Formelt sjølvstyret fekk landet i 1878. I 1913 vart Kosovo erobra[3] frå Det osmanske riket. I 1918 følgde region Srem og Vojvodina og det nye kongedømet Serbia vart oppretta.

Dei noverande landegrensene vart oppretta etter den andre verdskrigen, då Serbia vart ei føderal eining i Jugoslavia. Etter at Jugoslavia vart delt i 1990-åra vart Serbia igjen ein sjølvstendig stat i 2006, då ei folkerøysting i Montenegro gjekk inn for oppløysing av sambandet Serbia og Montenegro i mai 2006. Serbia vart åtskilt frå Montenegro 3. juni 2006, og vart då ein eigen sjølvstendig stat. Serbia er medlem av Dei sameinte nasjonane og Europarådet. Det er ein potensiell kandidat for medlemskap i EU og er eit militært nøytralt land.[4]

Den sørlege provinsen Kosovo erklærte seg sjølvstendig 17. februar 2008. Kosovo var formelt ein del av Serbia, men de facto under NATO administrasjon sidan 1999. Serbia, samt Tryggingsrådet i SN, har ikkje anerkjend sjølvstende til Kosovo så langt.[5]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå serbisk geografi.


Serbia ligg i grenseområdet mellom Sentral-, Sør- og Aust-Europa, mellom Balkanhalvøya og Den pannoniske sletta. Mange store elvar kryssar landet: Donau (2850 km), Sava (945 km), Tisa (1358 km), i lag med Timiş (350 km) og Begej (254 km), som alle knyt Serbia med Nord- og Vest-Europa (via Rhin–Main–Donau-kanalenNordsjøruta), med Aust-Europa (via Tisa, Timiş, Begej og Donau - Svartehavsruta) og med Sør-Europa (via Sava). Dei to største serbiske byane, Beograd og Novi Sad, har store hamner ved Donau. Beograd har òg hamn ved Sava.

Den nordlege tredjedelen av landet omfattar Den pannoniske sletta i Mellom-Europa. Den austlegaste delen av Serbia strekkjer seg inn på Valakiasletta. I den nordaustlege delen av landet ligg Karpatane,[6] som går gjennom heile Sentral-Europa. Dei sørlege Karpatane møter Balkanfjella og følgjer Velika Morava, ei 500 km lang elv. Midžor er det høgaste fjellet i Serbia (om ein ser bort frå Kosovo) på 2156 moh. I søraust møter Balkanfjella Rhodopifjella, som går inn i Hellas. Det høgaste fjellet i Kosovo er Đeravica (2656 moh.). Her dominerer òg Dei dinariske Alpane.

Ein fjerdedel av Serbia (27 %) er skogkledd.[7] Etter planane skal nasjonalparkar innan 2010 dekkje 10 % av heile Serbia.[8]

Klima[endre | endre wikiteksten]

Det meste av Serbia har eit kontinentalklima.Nedbørsmengdene minkar mot aust, og vinteren er skya, sjølv i dei tørraste områda. Vind frå sør kan strøyme nordover, og fønvind kan gje temperaturar over 10 °C. Men ein kan òg få kald luft (kalla kosavavind, ein avart av boravinden) frå Karpatane som strøymer sørover mot Beograd. I slike tilfelle kan det bli svært kaldt.

Om sommaren vernar derimot fjella i vest Serbia frå den kjøligare havlufta, så temperaturane kan då bli svært høge. Fjell er det derimot mykje òg i Serbia, og snøen ligg gjerne i lange periodar på vinterstid. Beograd har ein årleg nedbørsnormal på 700 mm, og den våtaste tida på året er sommaren, men mesteparten av dette kjem i form av regnbyger, og ofte i samband med torevêr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.