Filippinarhavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Filippinarhavet eller Filippinhavet er ein del av Stillehavet, og er avgrensa av Filippinene, Taiwan og Japan i vest, av Marianane og Palau i aust og Indonesia i sør.

Filippinarhavet utgjer ei eiga litosfæreplate, Filippinarplata, som dukkar under Eurasiaplata. På båe sidene av Filippinarhavet er det djuphavsgroper, m.a. den 10 540 meter djupe Filippinargropa mot Filippinene og verdas største djuphavsgrop, Marianergropa på 11 034 meter ved Marianane.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.