Marianane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart som viser plasseringa av Marianane aust for Asia.

Marianane er ei øygruppe i den opphavlege melanesiske språk- og kulturkretsen i stillehavsområdet. Den har tilhøyrd fleire kolonistatar etter tur. I dag er øygruppa delt i to politiske einingar, Nord-Marianene og Guam. Begge er amerikanske oversjøiske territorium, men med litt forskjellig status.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1521 oppdaga Ferdinand Magellan som fyrste europear øygruppa, og han gav den namnet Islas de Ladrones, på norsk 'tjuveøyane', fordi øybuarane etter europearanes oppfatning hadde stole med seg saker frå Magellan sitt skip. I 1667 vart øygruppa teken som eigedom av Spania og oppkalla etter den spanske dronninga Maria Anna av Austerrike, kona til kong Filip IV.

Etter den spansk-amerikanske krigen avstod Spania den sørlegaste delen til USA og selte resten til Det tyske riket den 12. februar 1899.

Etter fyrste verdskrigen overdrog Folkeforbundet Marianane til Japan. Etter andre verdskrigen gav SN øyene til USA. I 1978 gav USA den nordlege delen, Nord-Marianane, status som USA-assosiert stat, medan Guam i sør vart dependent territory under direkte amerikansk kolonialherredømme. Statusforskjellen heng mest saman med dei store militærbasene USA har på Guam.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Marianane

Kjelder[endre | endre wikiteksten]