Finnafjorden

Koordinatar: 61°3′23.548″N 6°19′0.46200″E / 61.05654111°N 6.3167950000°E / 61.05654111; 6.3167950000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°3′23.548″N 6°19′0.46200″E / 61.05654111°N 6.3167950000°E / 61.05654111; 6.3167950000 Finnafjorden er ein fjordarm av Sognefjorden på sørsida av fjorden i Vik kommune. Han har ei lengd på 6 km og går generelt sørvestover.

Fjorden har innløp mellom Eikeneset og Skjæret nedanfor Ytstestolen på Fagerdalsnipi. Fjorden er heilt utan vegsamband. Om lag 3 km inn i fjorden ligg garden Finnen, inst i fjorden ligg Finnabotnen. Ved Finnen smalnar fjorden inn til eit sund kalla Straumen med ei breidd på om lag 40 meter. Frå her går fjorden vidare sørvestover og nesten vestover til garden Finnabotnen og Botnadalen.

Namnet har opphavleg vore usamansett, og tydinga er truleg finne, villmark. Det usamansette fjordnamnet finn vi i dag att i gardsnamna. Fjordnamnet har sidan fått tillagt endinga -fjorden. Sidene av fjorden er særs bratte og høge, opp til 1000 meter langs nesten heile fjorden. Av fjelltoppar rundt fjorden finn ein Skjemmedalsnipa (1069 moh), Åkrevikfjellet (1284 moh), Orren (1124 moh), Skrivareggi (1083 moh), Einebærfjellet (1212 moh) og Fagerdalsnipi (1245 moh)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]