Finsk mark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Finsk mark
Suomen markka
Finnish Markka 1990.jpg
Land Finland
Delt i 100 penniä
Valutakode FIM
Innført 1861
Avskaffa 1. januar 1999
Erstatta av Euro

Finsk mark (finsk: Suomen markka) var valutaen i Finland frå 1861 og fram til 1. januar 1999, då han vart bytt ut med euro. Valutakoden for finsk mark var FIM, men til dagleg vart mynteininga forkorta til mk. Ein mark var delt opp i 100 penni.

Marken vart lansert i 1861 som ein kvart russisk rubel. I 1917 vart Finland sjølvstendig og Den Finske Bank vart stifta. Mark vart då relansert som ei eiga mynteining basert på gullfot. I 1963 vart den gamle 'finske marken' bytt ut med ny-mark på grunn av inflasjon. Den nye marken var verd 100 gamle mark.

Namnet mark kjem frå den mellomalderske vekteininga. Både «mark» og «penni» er låneord frå den tyske marken og pfennigen.

Myntar og setlar vart fjerna frå sirkulasjon i 2002.

Spire Denne økonomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.