Fiskefartøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Trålar i den svenske byen Simrishamn
Kystfiskefartøy i Finnmark
Foto: Frokor

Fiskefartøy eller fiskebåt er eit omgrep på alle typar fartøy nytta i fiskeri. Ved utgangen av 2003 var det 9 931 fiskefartøy registrert i Noreg. 2366 var opne båtar og 6915 hadde dekk. Av båtane med dekk var 650 bygd i stål og 6 915 i tre og andre materialar. Dette registeret omfattar båtar som deltar profesjonelt i fiskeria.

Yrkesfiskarane har båtar med ulik storleik og fangstreiskap etter kva for fiske dei deltar i, og kor havgåande fisket er. Dei viktigaste båttypane er:

  • Ringnotsnurpar for havgåande fiske, -typisk etter sild, makrell og lodde.
  • Autoline-fartøy for banklinefiske og filetproduksjon, botnfisk.
  • Fabrikktrålar for konsumfisk med foredlingsanlegg ombord.
  • Industritrålar for fiske etter fiskeslag for oppmaling til olje eller mjøl, -typisk augepål, tobis og kolmule.
  • Kystfiskefartøy for ulikt kystfiske etter konsumfisk eller lokal tråling etter reke. Denne fartøygruppa består av mange mindre sjarkar med og utan dekk (25-40 fot) for lokalt kystfiske, men også større, skøyter (40-70 fot). Kystfiskefartøy deltar ofte i fleire ulike sesongbasert fiskeri langs kysten med ulik reiskap.

I tillegg finst eit mange fiskebåtar som er eigd og brukt av av hobbyfiskarar og fritidsfiskarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: fiskebåtar