Lodde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lodde


Mallotus villosus.gif

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Actinopterygii
Orden: Osmeriformes
Familie: Osmeridae
Slekt: Mallotus
Art: M. villosus
Vitskapleg namn
Mallotus villosus

Lodde er ein fiskeart i gruppa krøklefisk.

Lodde er ein arktisk art. Sjølv om det i Noreg finst lokale loddebestandar langs kysten i Nord-Noreg er det først og fremst i dei arktiske områda ein finn det store talet. Lodde er utbreidd i store delar av Barentshavet der lodda beiter i dei produktive områda langs iskanten i nordaust før ho vandrar sørover mot kysten av Nord-Noreg for å gyte.

Lodda gyt på 20-60 meters djupn på sand- og grusbotn, og klistrar egga fast til underlaget. Egga utviklar seg på botnen; etter klekkinga i mai/juni sig dei nyklekte loddelarvane utover i Barentshavet. Lodda er i svært dårleg forfatning etter gytinga, og dei fleste loddene døyr derfor etter si første gyting.

Lodde er torsken sitt viktigaste byttedyr i desse områda og spelar ei avgjerande rolle i utviklinga av den nordaust-arktiske torskebestanden, og er også eit viktig byttedyr for grønlandssel og sjøfugl som krykkje.

Fiske[endre | endre wikiteksten]

Loddefisket si økonomiske betyding auka etter samanbrotet i sildefisket i 1969. Fangstane nådde eit maksimum på nær tre millionar tonn i 1977. Fram til samanbrotet i bestanden i 1985 låg fangstane omkring to millionar tonn. Etter kollapset i loddebestanden var fisket stengt 1987-1990 og har sidan aldri nådd nivået frå 1970-åra. Samanbrotet i 1985 har truleg samanheng med veksten i bestanden av norsk vårgytande sild og innstrøyming av store mengder sildeyngel til Barentshavet i 1983.

Silda vert i Barentshavet til ho er om lag tre år gammal, og det var derfor store mengder 1-2-årig sild i 1984 og 1985. Når loddelarvane seig ut frå kysten gjennom sommaren, vart dei utsette for så stor predasjon frå 1-2 årig sild og frå torskeyngel at rekrutteringa var tilnærma null. Etter som lodda døyr etter gyting førte dette til at bestanden sakk med 96 % i løpet av berre to år (frå 3 millionar tonn i 1984 til 0,1 millionar tonn i 1986). Gode oppvekstvilkår for sildeyngel og påfølgjande innstrøyming av sildelarvar har funne stad fleire gongar i år etter 1983, og har hatt ein tendens til å lage samanbrot i loddebestanden. Slike samanbrot skjedde i 1993 og 2003 og førte til at fisket vart stengt i åra 1994-1998 og 2004-2008.

Fisket etter lodde vart gjenopna 26. januar 2009 med ein total kvote på 390 000 tonn fordelt mellom Noreg og Russland.

Lodderogn vert rekna som delikatesse av mange. Lodde av god kvalitet er særleg etterspurt i den japanske marknaden, men også i Russland og Ukraina. I år med mykje fiske vert mesteparten av lodda brukt som industrifisk, dvs. i produksjon av fiskeolje og fiskemjøl.