Fjell-Ljom
Fjell-Ljom | |||
Type | Vekeavis (vert gjeven ut torsdagar) | ||
---|---|---|---|
Format | Tabloid | ||
Oppretta | 1886 | ||
Første trykk | Januar 1886 | ||
Målform | Bokmål | ||
Lokalavis for | Røros | ||
Eigarskap | AS Avisdrift (100%) | ||
Opplag | 2 421 (2014) | ||
Redaksjonskontor | — | ||
Postnummer | 7374 | ||
Stad | Røros | ||
Ansvarleg redaktør | Jon Høsøien (2006) | ||
Nettstad | Fjell-ljom.no |
Fjell-Ljom er ei norsk avis. Ho kjem ut kvar torsdag på Røros i Trøndelag fylke. Nettoopplag i 2004: 2155.Utgjevar er A/S Avisdrift, der den gamle erkerivalen Arbeidets Rett er største akjonær. Ansvarleg redaktør er Jon Høsøien.
Avisa var eit av dei mest vidgjetne organ for det gamle Venstre. Grunnlagt i 1886 var det fyrst talerøyr for radikale Venstre, og i 1905 markant for republikk, men vart frå første verdskrig det mest uforsonlege organet i striden mot ei arbeidarrørsle som i på Røros både var radikal og revolusjonær. Ilsken over dette hang lenge igjen i Arbeidarpartiet. Då avisas gamle medarbeidar Johan Falkberget i 1945 stilte som medredaktør, vart han einast berga frå eksklusjon ved å godta tittelen «for folkeopplysning J.F.». Før det var mellom anna Ivar Sæter og Rasmus Steinsvik redaktørar. Medarbeidaren med lengst fartstid var nok Eystein Eggen d.e., som gjennom nesten sytti år bidrog med prosa og lyrikk. I dag er dei gamle avislokala på pæler ute i Hyttelvas kalde stryk minne om eit eldfullt organ.
Opplagstal
[endre | endre wikiteksten]Utvikling i nettoopplag.[1]
År | Nettoopplag
|
---|---|
2004 | 2 155 |
2005 | 2 268 |
2006 | 2 474 |
2007 | 2 358
|
2009 | 2 326 |
2010 | 2 282 |
2014 | 2 421 |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Arnljot Eggen: Eystein Eggen og skriftkulturen i fjellregionen, 1996.
- Eystein Eggen d.y. om Fjell-Ljom som antimarxistisk organ
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.