Fjellbølgje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Danning av lebølgjer - Luft strøymer mot eit fjell og vert pressa over fjellet (A). Svinginga som vert skapt held fram nedstraums fjellet og i bølgetoppane (B) kan ein få danna skyer når lufta kondenserer.

Ei fjellbølgje eller ei lebølgje er i meteorologi ei periodisk endring av lufttrykket i ein luftstraum når vind bles over eit fjell. Dette skapar periodiske endringar i farten og retninga til lufta innanfor denne luftstraumen. Dei oppstår alltid i grupper på lesida av eit fjell, og vanlegvis dannar dei turbulens i form av ein rotor.

Både sjølve lebølgja og rotoren kan skapar skyer som ikkje flyttar seg med vinden slik som vanlege skyer gjer.

  • Når luft strøymer opp mot bølgjetoppen av bølgja, kan lufta kondensere og skyer kan oppstå. Desse skyene, kalla lenticularis, vert då berre danna på bølgjetoppane og får ei linseforma utsjånad
  • Rotoren kan generere ei cumulussky i områda med stigande luft.

Ofte oppstår det ei fønmursky på lesida av fjellet, men dette er ikkje nødvendigvis ein indikasjon på at ein tillegg har lebølgjer.

Lebøgjer kan gje svært gode forhold for seglfly, som kan nå store høgder i desse bølgjene. Rotoren under bølgjene er derimot svært turbulent og kan vere katastrofale for små luftfartøy som varmluftsballongar, hangglidarar og paraglidarar. Dei kan òg vere farlege for større fly, og ein meiner at ein slik rotor var årsaka til at eit Boeing 707 braut sundt i lufta nær fjellet Fuji i Japan i 1966.

Forskjellige lebølgjer[endre | endre wikiteksten]

Hydrostatisk bølgje

Ein har fleire forskjellige lebølgjer som vert danna under forskjellige atmosfæriske forhold.

  • Bølgjer danna av hydrauliske sprang: Desse bølgjene vert danna når ein har eit lågt luftlag med stor tettleik. Etter lufta strøymer over fjellet vert det danna ei slags sjokkbølgje i første bølgjebotn etter fjellet, og ein skarp vertikal diskontinuitet kalla eit hydraulisk sprang oppstår. Dette spranget kan vere mange gongar høgare enn sjølve fjellet. Eit hydraulisk sprang er svært turbulent på same måten som ein rotor, men kan strekke seg over mykje større område. Det hydrauliske spranget virkar som eit hinder for det stabile luftlaget som strøymer over det, og dermed oppstår det bølgjer. Hydrauliske sprang kan danne rulleforma skyer.
  • Hydrostatisk bølgje: Hydrostatiske bølgjer er bølgjer som forplantar seg vertikalt og oppstår over store hindringar. I hydrostatisk likevekt vil trykket i ei væske berre vere avhengig av høgda, og ikkje variere horisontalt. Hydrostatiske bølgjer har fått dette namnet fordi dei i det store og heile følg dei hydrostatiske lovene, t.d. at trykket berre varierer med høgda. Vanlege, ikkje-hydrostatiske bølgjer er karakterisert ved horisontale svingingar, og er stort sett uavhengig av høgda, medan hydrostatiske bølgjer ar svingingar som varierer med høgda over same punkt på bakken.
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fjellbølgje