Seglfly

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Seglfly for ein person

Seglfly eller glidefly er fly som er bygt for å fly utan bruk av motor. Seglfly vert delt inn i to hovudkategoriar: med og utan motor, sidan ein del seglfly har motor for å kome opp i lufta utan hjelp og for å kome vidare om det er dårleg oppdrift.

Seglfly utan motor[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er det mest vanleg å trekke opp seglfly etter eit motorfly. Det vert nytta ei line på 20–50 m. Ved flyslep er det seglflygaren som avgjer kor høgt ein skal slepe sidan slepeflyet har med lina ned att. I Noreg er det vanleg at seglflyet går opp til venstre og motorflyet ned til høgre når seglflygaren løyser ut lina.

I utlandet er det meir vanleg å nytte ein vinsj på bakken med om lag 1 200 m wire til å trekke seglflyet opp som ein drake. Ved vinsjstart kan seglflyet kome om lag 600 m opp i lufta med gunstige vindforhold. I Norge vert denne startmetoden nytta av Elverum Flyklubb Seil.

Typisk for seglfly er låg luftmotstand, og høgt glidetal. Låg vekt er ikkje ein typisk eigenskap for eit moderne seglfly. Derimot vert det gjerne nytta vassballast for å auke vekta til seglflyet sidan dette gjer det mogeleg å fly raskare med same glidetal (på same måten som ein sparkstøtting med to personar går raskare ned den same bakken enn med berre ein person). Moderne seglfly har ei minste søkking på om lag 0,3 m/s (i forhold til lufta) og eit beste glidetal på om lag 60.

Seglfly utnyttar vertikale luftstraumar (hang, termikk eller lebølgjer). Dersom den vertikale snøggleiken til lufta er større enn den minste søkkinga til segflyet, kan det stige i forhold til bakken.

Det er ikkje uvanleg at seglfly må lande på eit jorde når det ikkje kjem tilbake til flyplassen. Seglflygarane kallar dette utelanding, medan ei tilsvarande landing for eit motorfly heiter naudlanding.

Noregsrekorden i høgd er meir enn 10 000 meter over havet. Den største avstanden som er tilbakelagt med eit seglfly i Noreg er i overkant av 1000 km.

Motorseglfly[endre | endre wikiteksten]

Motorseglfly er seglfly som har motor. Dimensjonane og vengjeprofilen er tilpassa seglfly. Motoren er rekna for å ta av utan hjelp av slepefly eller vinsj, og for å kunne kome trygt heim dersom det manglar vertikale luftstraumar. Nokre motorseglfly kan felle motoren inn i kroppen og er då eit fullverdig seglfly med særs god yting.

Nokre ulukker med desse flya har skjedd fordi motoren ikkje har starta når flyet har kome for lågt og er for langt unna flyplass. Opplæringsprogramma for motorseglflygarar fokuserer på å alltid ha landbare område innan rekkevidde, på same måte som ved tradisjonell seglflyging.

Instrument[endre | endre wikiteksten]

For seglfly er høgdemålaren viktig. I europeiske seglfly vert høgda målt i meter. Ved lokal flyging ved ein flyplass er det vanleg å stille høgdemålaren etter QFE som gjev høgda over flyplassen. For å vere sikker på å unngå utelanding bør flyet ha minst 200 meter like ved flyplassen, og 100 m i tillegg for kvar kilometer avstand til plassen.

Fartsmålaren er ein trykkmålar som viser indikert flyfart. Han er viktig for å utnytte eigenskapane til flyet og for å ha riktig snøggleik under landing.

Eit viktig instrument er ein raud ulltråd som er festa på utsida av cockpitvindauget. Han viser om flyet går koordinert, eller om seglflyet glir mot eine sida gjennom lufta og får auka luftmotstand.

Variometeret som er ein stigefartsmålar og er viktig for å sjå om flyet er i vertikale luftstraumar eller i søkking. Det er viktig å finne dei vertikale luftstraumane og utnytte dei som ein heis slik at seglflyet kan halde seg oppe over tid.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]