Monte Roraima

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fjellet Roraima)
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 5°11′N 60°46′W
Monte Roraima
fjell
none  Roraima i April 2004
Roraima i April 2004
Land Flag of Brazil.svg Brasil, Flag of Guyana.svg Guyana Flag of Venezuela.svg Venezuela
Fjellkjede Pakaraima
høgd 2 810 moh
skardhøgd 2 338 m
koordinatar 5°11′N 60°46′W
Førstestiging av Everard F. im Thurn, Harry Perkins
 - dato 1884

Monte Roraima, òg kjend som Cerro Roraima, Pico do Roraima, eller berre Roraima er verdas høgste tepui, platåfjell, med eit toppunkt på 2 810 moh. og ei gjennomsnittleg platåhøgd på 2 500 moh. Roraima ligg på grensa mellom Venezuela, Brasil og Guyana. Det er det høgste punktet i Guyana medan både Venezuela og Brasil har andre fjell som er høgare.

Roraima er eit platåfjell av sandstein som stig opp av eit landskap med skog og savanne. Det er eit av fleire tepuis i Canaima nasjonalpark i Venezuela og Roraima utgjer eit hjørnepunkt i sørvest for omrisset av nasjonalparken. Desse platåfjella i parkområdet er sett på som nokre av dei eldste geologiske formasjonane ein finn på jorda. Dei er datert til prekambrium, geologar trur tepuis oppstod for ca. to milliardar år sidan. I heile Gran Sabana i Venezuela finst det 97 slike platåfjell.

Fjellsidene rundt Roraima er steile og bratte, men det finst ei rute opp til platået frå venezuelansk side som ikkje krev klatring og som er mykje brukt av turistar med utgangspunkt frå byen Paratepui.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]