Fjellsmelle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fjellsmelle i bløming

Fjellsmelle (Siléne acaúlis) er ei fjellplante med lyseraude blomar.

Ho veks i tette tuer. Tuene vert tettare kompaktare og meir halvkuleforma under ekstremt harde forhold. Blomane har svært korte stilkar. Acaúlis tyder og «utan stengel».

Fjellsmelletuene har mange blomar. Oftast er dei lyseraude, men dei kan og vere kvite. Tuene luktar av honning, og dei vert ofte vitja av insekt som syter for bestøvning. I kvar tue kan det vere ulike blomar. Hoblomane er minst, om lag 1 cm i diameter. Dei har tre spiralvridde arr. Hanblomane er noko større. Ytst i tua finn ein tvekjønna blomar. Frøa ligg i kapsla som vert spreidde med vinden. Blada er smale med stive hår i kanten.

Fjellsmella har ei djuptgåande pelerot og er vanskeleg å plante om. I rota er det mykje opplagsnæring. Ho har vorte brukt til mat mellom eskimoar og på Island. Fjellsmella veks helst på baserik grunn. Ho er ofte å finne på reinroseheier. Ho er nokså vanleg i alle fjellstrøk i Noreg. Og er funna opp til 2210 m.o.h. i Jotunheimen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Pål Hermansen: Våre vakreste fjellplanter. Universitetsforlaget 19??
  • Ørjan Nilsson: Nordisk Fjellflora. Oslo 1995
  • Johannes Lid: Norsk og svensk flora. Oslo 1974
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fjellsmelle