Jotunheimen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Besseggen mellom Bessvatn (t.v.) og Gjende.
Utsikt frå Besseggen mellom Gjende (t.v.) og Bessvatn.
Utsikten frå Galdhøpiggen.
Kyrkja frå vest

Jotunheimen er kanskje det mest kjende og mektigaste fjellområdet i Noreg og Nord-Europa. Her ligg dei høgaste fjella i Nord-Europa, Galdhøpiggen og Glittertind. Dei atten andre høgaste toppane på fastlands-Noreg ligg i dette landskapet, med Vestre Tverråtind på 2309 moh som den «lågaste» av desse. Totalt har området over 80 toppar på over 2 000 meter. Området har eit areal på rundt 3500 kvadratkilometer. Jotunheimen er eit populært turområde, og har eit godt utbygd hyttenett og mange merka stiar. Den mest populære ruta i Jotunheimen er turen over Besseggen, som går mellom Gjende og Bessvatnet.

Jotunheimen er ein del av Kjølen. Han ligg i Oppland og Sogn og Fjordane, mellom Sognefjellet i vest, Valdres i sør og Sjodalen i aust. I 1980 vart Jotunheimen nasjonalpark oppretta.

Innhaldsliste

Namn [endre]

Namnet Jotunheimen vart først teke i bruk, i forma Jøtunheimen, av Aasmund Olavsson Vinje, som gjekk mykje i området i 1860-åra. Jotunheim var namnet på staden jotnane haldt til i norrøn gudelære. Området var tidleg blitt kalla Jotunfjeldene, dette var då fjellpionerane Christian Peder Bianco Boeck og Baltazar Mathias Keilhau utforska området i 1820.

Geografi [endre]

Jotunheimen grensar til Valdresflye og Sjoa i aust, Bygdin og Tyin i sør, Sognefjellet og Bøverdalen i vest og Kvittingskjølen i nord.

Jotunheimen består av fleire fjellområde som er skild av breskapte U-dalar, fleire av dei med innsjøar. Fjellområda ligg i 1800–2400 meters høgd, mens dei fleste dalane ligg over skoggrensa i ei høgd på 1000–1400 meter over havet.

Dei viktigaste fjellområda er Galdhøpiggmassivet (òg kalla Ymisfjell) og Smørstabbtindan i vest og Hurrungane i sørvest, tindane mellom Gjende og Bygdin, òg kalla Gjendealpene, i sør, Memurutindmassivet i aust og Glittertindmassivet i nord. I tillegg til desse områda er det meir frittståande fjell, spesielt sentralt og sør i Jotunheimen.

Fjellområda skil seg i hovudtrekk frå aust til vest ved at toppane i vest er spissare og meir erodert av isbrear enn dei i aust. Hurrungane i sørvest har mange av dei spissaste toppane i Noreg.

Den største og mest spesielle dalen i Jotunheimen er Utladalen, der elva Utla har skapt ei djup kløft inn frå Øvre Årdal i sør med ei rekkje hengende dalar til begge sider. Andre større dalar i Jotunheimen er Leirdalen, Visdalen, Veodalen og Gjende med Memurudalen.

Geologi [endre]

Bergartane i Jotunheimen vart i hovudsak danna i periodane silur og devon for om lag 400 millionar år sidan, som ein del av den kaledonsk fjellkjeda.

Den dominerande bergarten i Jotunheimen er gabbro.

Flora [endre]

Dei rikaste plantefjella ligg i dei nordlege og austlege delane av Jotunheimen, der berggrunnen er laus, kalkrik skifer og kalkstein. Òg i område med gabbro er det eit rikt planteliv.

Planta issoleie er funne i 2370 meters høgd på Galdhøpiggen, noko som er høgderekord i Noreg for planter.

Sjå òg [endre]

Bakgrunnsstoff [endre]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jotunheimen