Fjodor II av Russland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fjodor II

Fjodor II (russisk: Фёдор II Борисович) (158920. juni 1605) var tsar av Russland frå 13. april 1605 til han vart drepen 20. juni same året.

Fjodor var fødd i Moskva medan far hans, Boris Godunov var Russlands regent. Etter faren vart tsar i 1598 tok den store urotida i Russland. 16 år gammal tok Fjodor våren 1605 over som tsar, etter faren døydde brått.

Den 11. juni 1605 kom sendebod frå «den falske Dmitrij» til Moskva, og krevde truna for Dmitrij. Fjodor fekk ikkje stønad frå hoffet, i staden tok ei gruppe bojarar kontroll over Kreml og fengsla Fjodor. Den 20. juni same år vart han myrda ved bustaden i Kreml, saman med mor si. Offisielt døydde han av forgiftning, men ifylgje den svenske sendemannen Per Erlesund viste liket av Fjodor spor av valdsam kamp.

Fjodor er gravlagd framfor katedralen ved Troitse-Sergijeva Lavra i Sergijev Posad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]