Den store urotida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Handelsmannen Kuzma Minin oppfordrar innbyggjarane i Nizjnij Novgorod til å samle ein hær av frivillige for å slå tilbake den polske invasjonen, måleri frå 1896 av Konstantin Makovskij

Den store urotida (russisk Смутное время, Smutnoje Vremja) er ei nemning på ein periode i russisk historie, frå 1598 til 1613 og som er kjenneteikna ved ei stor politisk, sosial og økonomisk krise som førde til ein mellombels kollaps for den russiske staten. Ei rekkje herskarar tok makta og vart like raskt avsett, kortast tid på trona hadde Fjodor II som regjerte i 49 dagar.

I tillegg freista «falske Dmitrij II» å hevde retten sin til trona og noko seinare freista svenskane å innsetje tronarvingen Karl Filip som russisk tsar. Polen-Litauen invaderte Russland men vart slått tilbake av ein russisk folkehær i 1612, før Mikhail Romanov vart valt til ny tsar og la grunnlaget for huset Romanov.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]