Kreml

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kreml i Smolensk.

Kreml (russisk (кремль, ˈkrʲemlʲ) er det russiske ordet for festning, borg eller citadell[1] og viser til eit stort festningsanlegg som finst i historiske russiske byar.[2] Mest kjend er Kreml i Moskva, den eldste kjernen i byen med monumentalbygningar frå 1400-talet.[3] eller som eit metonym om styresmaktene som held til der.[4][5][6]

I mellomalderen blei fleire russiske byar bygde opp rundt kreml, som regel på strategiske stader ved elver. Dei var opphavleg omgjevne av treveggar og seinare av murar av stein eller murstein. Inni ein kreml kunne ein finna domkyrkjer, fyrste- eller biskoppalass, offentlege kontor og våpenlager. Fleire gamle fyrstestader som Moskva, Pskov, Novgorod, Smolensk, Rostov, Suzdal, Jaroslavl, Vladimir og Nizjnij Novgorod oppstod rundt kreml.[7]

Det eldste bevarte kremlet ligg i Novgorod. Steinanlegga her blei bygde i 1044 og erstatta eldre byggverk av tre. Kreml i Mosvka er først nemnd i 1147. [8] Dei eldste delane som er bevarte her ligg i sørvest og stammar frå 1300- eller 1400-talet.[7] Dette kremlet var basen til storfyrsten av Moskva, og frå 1547 til 1712 bustaden til tsaren.[8] Etter den russiske revolusjonemn i 1917 blei Kreml i Moskva eit sovjetisk hovudkvarter og symbol for Sovjetunionen.[7] «Kremlologi» blei ei nemning for tolking av politiske signal frå Sovjetunionen og seinare Russland.[9] Etter at Sovjetunionen braut saman i 1991 har den russiske presidenten og administrasjonen hans hatt kontor i Kreml.[8] Delar av Kreml i Mosvka blei tilgjengelege for allmugen i 1953.[8] Kreml og Den raude plassen like ved blei utnemnde til verdsarv i 1990.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Pleshakov, Constantine (2006). Stalin's Folly: The Tragic First Ten Days of World War II on the Eastern Front (på engelsk). Houghton Mifflin Harcourt. s. 24. ISBN 0618773614. 
  2. G, Frank, Ben (23. september 2010). A Travel Guide to Jewish Russia & Ukraine (på engelsk). Pelican Publishing. s. 150. ISBN 9781455613281. 
  3. Shubin, Daniel H. (2004). A History of Russian Christianity, Vol. I: From the Earliest Years through Tsar Ivan IV (på engelsk). Algora Publishing. s. 5. ISBN 9780875862873. 
  4. Barcelona, Antonio; Benczes, Réka; Ibáñez, Francisco José Ruiz de Mendoza (2011). Defining Metonymy in Cognitive Linguistics: Towards a Consensus View (på engelsk). John Benjamins Publishing. s. 234. ISBN 978-9027223821. 
  5. Steinfeld, Hans-Wilhelm; C; .philol.; Communications, partner i Corporate (17. august 2016), «Kuppet i ;Kreml», dagbladet.no (på norsk), henta 13. oktober 2020 
  6. «Russiske demonstranter om makthaverne i Kreml: – Villige til å gjøre hva som helst», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 13. oktober 2020 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 «Kremlin | Russian fortress», Encyclopedia Britannica (på engelsk), henta 13. oktober 2020 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 «kreml | lex.dk», Den Store Danske (på dansk), henta 13. oktober 2020 
  9. «kremlolog» i Nynorskordboka.
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.