Fletschhorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 46°10′4″N 8°0′11″E
Fletschhorn
fjell
none  Nordveggen
Nordveggen
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Fjellkjede Wallis-Alpane
høgd 3 993 moh
skardhøgd 305 m ↓  mot Lagginhorn
koordinatar 46°10′4″N 8°0′11″E
Lettast tilkomst Snøklatring frå Weissmies-hytta (2726 moh)
Førstestiging av J. D. James, Ambros Supersaxo
 - dato juli 1889
Switzerland location map.svg
Locator Red.svg

Fletschhorn er eit 3 993 meter høgt bredekt fjell i Wallis-Alpane i Sveits. Fjellet ligg i hovudfjellkjeda i Alpane, mellom dalen Saastal og Simplonpasset. Fjellet ligg i kantonen Valais.

Fyrstebestiging[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste på toppen var J.D. James og fjellføraren hans, Ambros Supersaxo. Hendinga fann stad ein gong i juli 1889.

Fletschhorn er for ein stor del dekt av isbreen Grubengletscher, breen endar ved Saas Balen.

Fletschhorn dannar saman med Lagginhorn og Weissmies eit tretoppsmassiv aust for Saastal. Den vanlegaste ruta til Fletschhorn byrjar frå Weissmieshütte på 2 726 moh. Frå same staden kan ein også klive til topps på dei to andre fjelltoppane.

Tidlegare vart Fletschhorn rekna for å vere ein 4 000-meters topp. Karl Blodig, som skal ha vore den fyrste som kleiv til topps på alle 4 000-metringane i Alpane, klatra i 1900 også opp på Fletschhorn. Fyrst i 1950 vart fjellet stroke frå lista over 4 000 meter høge alpetoppar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]