Fluberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utsikt over Fluberg og Randsfjorden

Fluberg er eit tidlegare herad i Oppland. Heradet var frå 1914 skilt ut frå Søndre Land, og vart så frå 1.1.1962 ein del av den nye kommunen Søndre Land. Fluberg herad bestod av bygdelaga Fluberg, Odnes og Landåsbygda. Flatevidda var på 260,38 km², med vel 2 300 innbyggjarar då neste heile heradet vart del av den nye og større kommunen Søndre Land. Krinsen Tranlia og matrikkelgarden Store Røen, med 196 innbyggjarar, vart innlemma i den nye Nordre Land kommune.

Bygdelaget Fluberg ligg på begge sider av den nordvestlege delen av Randsfjorden. Størstedelen av landet ligg mellom 300 og 600 meter over havet, nær ein tredel ligg 600 moh og meir. Høgste punktet er Vesle Skjellingshovde på 860 moh, ein ås i sørvest. Produktiv skog dekker 157 km², medan myrar utgjer til saman 24 km² og 170 vatn har eit flatemål på knapt 20 km². Største elva er den fem km lange Åvella, der Vestoppland kommunale kraftselskap bygde ut i 1924.

Fluberg kyrkje er frå 1703. Før 1847 var Fluberg hovudsokn i det dåverande Land herad.

I april 1940 låg norske styrkar i krig mot tyske invasjonstroppar i Fluberg.

Valdresbanen som vart opna i 1902, hadde stasjon både på Fluberg og Odnes. Banen var nedlagt i 1988.

Folketal[endre | endre wikiteksten]

  • 1910: 2 027
  • 1930: 2 118
  • 1946: 2 271
  • 1950: 2 254
  • 1962: 2 338

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok. IV. bandet, 1953