Flyulukka i Kebnekaise

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit norsk militært transportfly av same type som det havarerte.
Fjellet Kebnekaise.

Flyulukka i Kebnekaise i Sverige skjedde 15. mars 2012, då eit transportfly av typen Lockheed Martin C-130 Hercules frå det norske Luftforsvarets 335 skvadron flaug i horisontal stilling i austleg lei i 2 014 meters høgd rett inn i den loddrette fjellveggen 170 meter nordnordvest for den sørlege toppen på Kebnekaise, like nedanfor ryggen som går mellom sørtoppen og nordtoppen.

Flyet var på veg frå Evenes flystasjon i Noreg til Kiruna lufthamn om lag 9 kilometer frå Kiruna sentrum i Sverige. Det tok del i ei militærøving (Cold Response), og vart meldt sakna då det ikkje kom fram etter planen. Siste radarkontakt med flyet var klokka 14.55, og flyet var då 80 km vest for Kiruna, i nærleiken av Kebnekaise. Då det var ekstremt dårlig sikt i området på ulukkesdagen, tidvis berre fem meter sikt, var det vanskeleg å leite etter flyet, og delar av flyet vart ikkje funne før 16. mars. Etter at nye funn av vrakedelar vart gjort på isbreen Rabots glaciär og nokre òg på isbreen Björlings glaciär på den motsette sida av fjellryggen, gjorde svenske styresmakter det klart 17. mars at det ikkje var grunn til å leite meir etter overlevande. Ferdsskrivaren i flyet vart funnen i fjellet 12. august 2012 og send til England for analyse.

Årsaka til ulukka[endre | endre wikiteksten]

Ulykka vart granska av Statens haverikommission i Sverige, som 22. oktober 2013 gav sin sluttrapport. Konklusjonen var at ulukka ikkje kom av tekniske feil på flyet eller anna utrusting, men at dei to hovudårsakene var feilaktig flygeleiing i det svenske luftrommet og utilstrekkelege kunnskapar om terrenget, og at mannskapet på flyet hadde gjort utilstrekkeleg førebuingar før flyginga. Ifylgje havarirapporten hadde flygeleiaren i Kiruna gjeve ordre om å senke flygehøgda til eit nivå lågare enn dei høgste fjelltoppane i Kebnekaisemassivet, som låg i innflygingsruta. Mannskapet på flyet hadde på si side ikkje kontrollert om den tilviste flygehøgda var for låg. Kommisjonen peika på organisatoriske årsaker til ulukka både når det galdt det norske Luftforsvaret og det svenske Luftfartsverket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]