Kebnekaise

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 67°53′00″N 18°33′00″E
Kebnekaise
fjell
none  Kebnekaise, sett frå Tuolpagorni
Kebnekaise, sett frå Tuolpagorni
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Region SE
Fjellkjede Dei skandinaviske fjella
høgd 2 106 moh
skardhøgd 1 750 m
koordinatar 67°53′00″N 18°33′00″E
Lettast tilkomst til fots over fjell og is
Førstestiging av 1883 av Charles Rabot
Sweden Norrbotten location map.svg
Locator Red.svg

Kebnekaise, nordsamisk Giebmegáisi eller Giebnegáisi, er det høgaste fjellet i Sverige og ein del av Dei skandinaviske fjella.

Ei fjellrekke i Kiruna kommune har dei to høgaste fjelltoppane i Sverige, Nord- og Sørtoppen. Sørtoppen er dekt av ein isbre, slik at høgda vert endra etter kor mykje breen smeltar. Dei siste tiåra har breen vorte mindre. Sommaren 2004 var han 2103 moh. Det høgste punktet i Sverige på fast fjell er nordtoppen åt Kebnekaise på 2097 moh.

I mars 2012 styrta eit norsk militærfly i vestveggen av fjellet. Alle fem ombord omkom.

Klatring[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste som klatra opp på Kebnekaise var den franske geografen Charles Rabot (1856-1944). Han klatra opp i samband med ein ekspedisjon og nådde toppen den 22. august 1883.

Nær fjellet ligg Kebnekaise fjällstation, der det vert organisert toppturar med fjellførar. Sørtoppen kan klatrast av normalt fjellvande folk om dei nyttar den vestre ruta frå fjellstasjonen. Ein noko lengre veg går frå Kungsleden via Singivagge. Den austlege ruta vert nytta av fjellførarane og har enklare klatremoment. Nordtoppen krev spesialkunnskap og -utstyr for ei trygg oppstiging.

Namngjeving[endre | endre wikiteksten]

Det svenske namnet Kebnekaise er avleia av Giebmegájsse (lulesamisk) eller Giebmegáisi (nordsamisk), som tyder «grytefjellet». Dette er eit underleg namn, ettersom fjellet slett ikkje liknar ei gryte. Det gjer derimot fjellet Duolbagorni (Tolpagorni) i nærleiken. Namngjevinga kan ganske enkelt ha skuldast ein feil då ein laga det første generalstabskartet over området i 1889. Samar som bur i området hevder at det rette namnet eigentleg er Basievaare, «det heilage fjellet».