Folkesuverenitetsprinsippet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Folkesuverenitetsprinsippet er ei politisk læresetning som går ut på at all legitim statsmakt stammar frå folket sjølv. Omgrepet står i motsetnad til prinsippet om fyrstesuverenitet.

Dette vart formulert fyrste gongen i ei fråsegn frå det engelske parlamentet sommaren 1649, etter oppgjeret med kong Karl I av England. Det blei med denne eine fråsegna i fyrste omgang, men prinsippet vart effektuert som parlamentarisk prinsipp i England frå 1689. Seinare vart prinsippet endeleg formulert hos Jean-Jacques Rousseau i hans verk Contrat Social, på norsk «Samfunnspakta». Her vert folket sjølv fastsett som suverent:

«Suvereniteten, som berre er ei utøving av samviljen, kan aldri avhendast, og når suvereniteten heilt og halde er ein kollektiv skapning, kan han berre representerast ved seg sjølv. I same stunda som det kjem ein tyrann, eksisterer ikkje suvereniteten meir, og den politiske einheita er øydelagd.»[1]

I Norges Grunnlov finst referansen i paragraf 49: «Folket udøver den lovgivende magt ved Stortinget...»

Folkesuverenitetsprinsippet opptrer som eit krav om at statsstyret skal utgå frå ei folkevald forsamling eller gjennom direkte folkeavstemming.

Folkesuverenitetsprinsippet er knytt til framveksten av liberalismen på 1700- og 1800-talet og vart brukt som eit våpen for borgarskapen i kampen mot kongemakt og adelsprivilegium. Fyrst ute var England under parlamentskrigen frå 1642 til 1649. Derifrå kan ein fylgje tanken fram til utviklinga før den franske revolusjonen og Den amerikanske sjølvstendeerklæringa – i neste omgang fekk dette avgjerande tyding for Noreg i 1814.

Folkesuverenitetsprinsippet hadde stor tilslutning innan politiske krinsar i Noreg i 1814. På det sokalla stormannsmøtet på Eidsvoll i februar 1814 vart det nytta som grunngjeving for å avvise Christian Frederiks planar om å gjere seg til konge i Norge i kraft av arveretten.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Samfunnspakten, omsett av Sverre Holm, utgjeve i boka Voltaire – Rousseau, Gyldendal 1975)