Den franske revolusjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Måleri av Jean-Pierre Louis Laurent Houel (1735-1813), Prise de la Bastille ("Storminga av Bastillen").

Den franske revolusjonen eller den store franske revolusjonen er ei nemning på hendingar i Frankrike i tida frå 178999. Revolusjonen var ein politisk og sosial kamp mot føydalismen og monarkiet. Det var au revolusjonar i Frankrike i 1830, 1848 og 1871 (Pariskommunen), men tiårsperioden frå 1789 til 1799, fram til da Napoleon Bonaparte tok makta, er ei av dei mest skilsetjande hendingane i verdshistoria. Ein kan til dømes nemne at det var i august 1789 den første menneskerettserklæringa i verdshistoria blei vedteken, av den revolusjonære nasjonalforsamlinga i Paris. Mellom andre den norske Grunnlova av 17. mai 1814 er laga etter modell først og fremst frå grunnlovene i det revolusjonære Frankrike frå 1789 og framover.

Frankrike på slutten av 1700-talet var på randen av ein revolusjon. Landet var eit føydalistisk monarki med eit klart definert klassesystem. Ei lita gruppe priviligerte, mellom anna kongelege og geistlege på toppen, hadde absolutt makt over resten av folket.

Etter ei rad krigar og konfliktar på 1700-talet var Frankrike i ei finansiell knipe, samstundes som adelen levde eit liv i luksus. Som eit resultat av den dårlege økonomien vart dei lågare klassene pålagt stadig høgare skattar, medan aristokratane (adelen) unngjekk dette. Samstundes hadde den sosiale utviklinga skapt ei ny samfunnsklasse; borgarskapet eller bursjoasiet, ei radikal middelklasse den gongen. Borgarskapet var påverka av opplysningsfilosofane og den amerikanske revolusjonen (17751783). Den sistnemnde var likevel berre som ein uviktig episode i eit lite og primitivt nybyggjarsamfunn på andre sida av kloten, samanlikna med det som skjedde i Frankrike frå 1789 og framover. Frankrike var det folkerikaste landet i Europa omframt Russland, og det landet som sette standard for resten av Europa på mange vis. Da det braut ut revolusjon der, var fyrstemakta og adelsmakta trua over heile Europa...

Personar[endre | endre wikiteksten]

Politiske tenkjarar[endre | endre wikiteksten]

Fenomen og omgrep[endre | endre wikiteksten]

Parti og Fraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Aviser[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Den franske revolusjonen
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.