Fondal gard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fondal gard er ein karakteristisk nordlandsgard frå ca 1880 med nesten intakte bustadhus. Garden ligg i Fonndalen på sørsida av Holandsfjorden i Meløy kommune i Nordland. Garden har monaleg miljømessig verdi og innehar viktig kunnskaps- og kjeldeverdi knytt til byggeskikken i landsdelen. Den har hatt ein viktig funksjon som losjistad for turistar i Saltfjellet og på Svartisen og motsvarer Vestlandet sine trehotell i sveitserstil frå same periode. Ingen gard med tilsvarande funksjon er tatt vare på i Nordland.

Tilkomst[endre | endre wikiteksten]

Det er mogleg å reise med båtrute frå Holand til Engen. Derfrå ca. 2 km til fots på grusveg til garden. Holand ligg ved Fylkesveg 17 på strekninga HalsaØrnes.

Strid om utnytting av grusmassar[endre | endre wikiteksten]

Det er no ein pågåande strid om utnytting av endemorenen som garden delvis kviler på.

Fredinga[endre | endre wikiteksten]

Garden blei freda av Riksantikvaren i 1997 på bakgrunn av alder, byggeskikk og tidleg turisme, og fredinga omfattar:

  • Hovudbygningen og borgstua sine eksteriør og interiør, pluss interiøret i lokumet.
  • Fondal gard. Med sin plass i eit omkringliggjande kulturlandskap, synleg-gjer garden det tradisjonelle næringsgrunnlaget i krinsen.

Forvaltinga[endre | endre wikiteksten]

Meløy kommune har vedtatt og seinare stadfesta ein reguleringsplan for området som har som føresetnad at garden blir fråflytta. Den siste reguleringsplanen opnar for uttak av heile endemorenen i ein periode på ca 50 år. Massane skal etter planen brukast som tilsetjing til betong. Førstehandsverdien av massane er lausleg rekna til 600 millionar kroner.

I 2003 vedtok Miljøverndepartementet å oppheve fredinga av Fondal gard.

Verneinteressene[endre | endre wikiteksten]

Riksantikvaren seier på si side at det ikkje blir aktuelt å starte avfredinga før Meløy kommune eller selskapet som ønskjer å grave ut massane, Nordland Betongindustri AS, godtgjer at det er mogleg å gjennomføre reguleringsplanen.

Grunneigarane på Fondal gard og Vesteng gard er ikkje villige til å selje, og Meløy kommune skal i løpet av 2005 ta stilling til ein eventuell ekspropriasjon av området.

Fonndalens Venner blei stifta som ein interesseorganisasjon for verneinteressene den 26. september 2004 i et nært samarbeid med grunneigarane for å sikre at Fondal gard skal få nytt liv til beste for heile samfunnet. Dei lokale verneinteressene meiner dermed at det finst ei opning for at heile fjordlandskapet, bygningane og kulturlandskapet skal få komme til heider og verdigheit igjen.

I januar 2005 signerte grunneigaren på Fondal gard og Fonndalens Venner ein leigeavtale for Ingeniørgarden, som er ein særeigen bustad i strandkanten i Fonndalen.

I mars 2005 signerte grunneigaren på Fondal gard og Fonndalens Venner ein intensjonsavtale der partane samtykte i å etablere eit særmerkt selskap som skal stå for restaureringa og drifta av dei freda bygningane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]