Fonem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

I talemål er eit fonem ei grunnleggjande, teoretisk eining – det minste lydsegmentet som kan endra tydinga av eit ord. Når fonologar skal kartleggja kva fonem eit språk inneheld, prøver dei å finna minimale par – to ord med ulik tyding, som skil seg frå kvarandre med berre éin språklyd.

Språklyden /r/ vert rekna som eitt fonem på norsk, men kan uttalast som to ulike allofonar: skarre-r ([ʁ]) eller rulle-r ([r]). Fordi tydinga er akkurat den same uansett kva uttalevariant me vel, reknar me begge r-lydane for å høyra til det same fonemet.

Ved hjelp av den same teknikken kan me finna ut at språklydane /r/ og /l/ må reknast som to ulike fonem i norsk. Det minimale paret /rar/ og /lar/ viser at det er slik.

I IPA-lydskrifta vert fonem skrivne mellom skråstrekar for å markera fonemisk transkripsjon (/p/).