Fonologi i fulfulde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fonologi i fulfulde

Stavingsstruktur[endre | endre wikiteksten]

Fulfulde har stavingar av typane CV, CVV, CVC og CVVC, der C = konsonant, V = stutt vokal og VV = lang vokal. Med andre ord byrjar alle stavingar med éin og berre éin konsonant. Typologisk høyrer til fulfulde dei språka der stavinga har ei obligatorisk opptakt; jamfør artikkelen staving.

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Fula har fem stutte og fem lange vokalfonem:

Fremre urunda Sentral urunda Bakre runda
Trong i /i/ - ii /iː/ u /u/ - uu /uː/
Midtre e /e/ - ee /eː/ o /o/ - oo /oː/
Open a /a/ - aa /aː/  

I mange dialektar varierer uttalen av dei midtre vokalane e, ee, o og oo allofonisk mellom dei trong-midtre [e], [eː], [o] og [oː] på den eine sida og dei open-midtre [ɛ], [ɛː], [ɔ] og [ɔː] på den andre. Det er ein tendens til at dei stutte vokalane har ein litt meir sentral artikulasjon enn dei lange vokalane. Fula har ingen diftongar.

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

Labial Apikal Laminal Dorsal Glottal
Nasal m /m/ n /n/ ny /ɲ/ ŋ /ŋ/  
Prenasal plosiv mb /mb/ nd /nd/ nj /ndʒ/ ng /ŋɡ/  
Stemd plosiv b /b/ d /d/ j /dʒ/ g /ɡ/  
Implosiv ɓ /ɓ/ ɗ /ɗ/ ƴ /ʄ, j̰/    
Ustemd plosiv p /p/ t /t/ c /tʃ/ k /k/ ' /ʔ/
Ustemd frikativ f /f/   s /s/   h /h/
Rotikon   r /r/      
Approksimant (v /ʋ/) l /l/ y /j/ w /w/  

Frå Maasina og vestover blir ƴ uttala som ein palatal implosiv og austanfor Maasina blir han uttala som ein knirkestemd halvvokal.
Alle implosivane kan alternativt uttalast som knirkestemde plosivar.[1]
Skiljet mellom v og w finst berre i nokre dialektar i Aadamaawa. Alle andre dialektar har berre w. Jamfør artikkelen Fulfulde: framlydsveksling.

Fonotaks[endre | endre wikiteksten]

Som tidlegare nemnt, inneheld konsonantposisjonane (opptakt og koda) berre éin konsonant. Alle konsonantane i konsonanttabellen ovanfor kan stå i opptakt, medan fleire ikkje kan stå i koda. For Aadamaawa-dialekten gjeld desse reglane:

  • 1. Alle konsonantar utanom nb nd nj ng h v kan stå i koda.
  • 2. c og g finst i koda berre som fyrste del av ein geminat.
  • 3. Halvvokalen w finst ikkje som koda etter u / uu.
  • 4. Halvvokalen y finst ikkje som koda etter i / ii.

Maasina-dialekten skil seg frå Aadamaawa-dialekten ved at frikativane f s heller ikkje kan stå i koda. Til Aadamaawa-former som nofru 'øyra', deftere 'bok', lesdi 'land, jord' og hesre 'ny' (i NDE-klassen) svarar Maasina-formene nowru 'øyra', dewtere 'bok', leydi 'land, jord' og heyre 'ny' (i NDE-klassen).

Prosodi[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ladefoged, P. 1964. A phonetic study of west African languages. Cambridge: Cambridge University. Reprinted 1968. ISBN 0-521-06963-7