Vokal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Illustrasjon til diktet Voyelles 'Vokalar' av den franske diktaren Arthur Rimbaud (1854-1891)
Ein vokal vert uttala utan hindringar for luftstraumen gjennom munnen, som på dette biletet av ein syngjande Harry Belafonte.

Ein vokal eller sjølvljod er ein fon (ein ljod) som vert laga med ein ubroten luftstraum gjennom munn, som til dømes dei siste ljodane i dei norske orda ni, ny, du, mo, be, , , og sa. Meir presist kan vokalen definerast slik:

  • Luftstraumen slepp ut or munnen langs midten av tunga
  • Luftstraumen er ikkje hindra av eit fullstendig lukke i munnen, eller av ei innsnevring som er så sterk at det oppstår høyrleg friksjon
  • Den sterkaste innsnevringa finst mellom tungeryggen (dorsum) og munntaket

Nemninga vert òg nytta på bokstavar som står – eller stod – for vokalljod.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Litt forenkla er skilnaden mellom vokal og konsonant at ein vokal kan syngjast, medan ein konsonant ikkje kan syngjast. Ordet «vokal» kjem av det latinske vōcālis littera – «talande/syngjande bokstavar» – og har samanheng med uttrykket vokalist.

Ordet «sjølvljod» er etter mønster av det tyske Selbstlaut og spelar på at vokalen kan låta sjølv, medan konsonanten berre læt saman med ein vokal – og difor ikkje kan syngjast utan ein vokal attmed.

Artikulasjon[endre | endre wikiteksten]

Posisjonen til tunga og leppene avgjer kva slags kvalitet eller klangfarge ein vokal får. Tungeryggen kan vera høgt oppe eller lågt nede, framme eller bak i munnen. Leppene kan vere runda eller spreidde.

Vokalfirkanten[endre | endre wikiteksten]

Posisjonen til tungeryggen varierer i eit todimensjonalt «vokalrom» som blir kalla vokalfirkanten, med ein vertikal og ein horisontal dimensjon. Ein tek gjerne utgangspunkt i eit tenkt - og noko kontroversielt - "høgaste punkt" på tungeryggen:

Fremre vokalar Vokalfirkanten Bakre vokalar
Tungeposisjonen ved dei fremre vokalane [i], [e], [ɛ] og [a].
Vokalfirkanten. Når vokalsymbola er ordna i par, representerer den til venstre ein urunda vokal og den til høgre ein runda.
Tungeposisjonen ved dei bakre vokalane [u], [o], [ɔ] og [ɑ].

Den vertikale dimensjonen[endre | endre wikiteksten]

Ytterpunkta i den vertikale dimensjonen er trong (engelsk close) og open (engelsk open):

Den vertikale dimensjonen
Frå trong til open
Den tronge vokalen [i]
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen
så høgt oppe som ved vokalane [i] og [u],
er han trong
Den tronge vokalen [u]
Den opne vokalen [a]
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen
så langt nede som ved vokalane [a] og [ɑ],
er han open
Den opne vokalen [ɑ]

Den horisontale dimensjonen[endre | endre wikiteksten]

Ytterpunkta i den horisontale dimensjonen er fremre (engelsk front) og bakre (engelsk back):

Den horistontale dimensjonen
Frå fremre til bakre
Den fremre vokalen [i]
Den bakre vokalen [u]
Når ein vokal vert uttala med tungeryggenså langt framme
som ved vokalane [i] og [a], er han fremre
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen så langt bak
som ved vokalane [u] og [ɑ], er han bakre
Den fremre vokalen [a]
Den opne vokalen [ɑ]

Mellomstadium[endre | endre wikiteksten]

Trong og open blir kalla opningsgradar, og mellom desse to ytterpunkta har vi vokalar som er trong-midtre (engelsk close-mid) og open-midtre (engelsk open-mid), på det viset at avstanden frå trong til trong-midtre er lik avstanden frå trong-midtre til open-midtre, som er lik avstanden frå open-midtre til open.

Den vertikale dimensjonen
Frå trong til open
Den tronge vokalen [i]
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen
så høgt oppe som ved vokalane [i] og [u],
er han trong
Den bakre, tronge vokalen [u]
Den fremre trong-midtre vokalen [e]
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen
så høgt oppe som ved vokalane [e] og [o],
er han trong-midtre
Den bakre trong-midtre vokalen [o]
Den fremre open-midtre vokalen [ɛ]
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen
så høgt oppe som ved vokalane [ɛ] og [ɔ],
er han open-midtre
Den bakre open-midtre vokalen [ɔ]
Den bakre, opne vokalen [a]
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen
så langt nede som ved vokalane [a] og [ɑ],
er han open
Den opne vokalen [ɑ]

Langs den horisontale dimensjonen har vi midt mellom fremre og bakre ein tungeposisjon sentral (engelsk central). Dette er illustrert i dei to tabellane under med tre tronge, urunda vokalar og tre trong-midtre, runda vokalar:

Den horistontale dimensjonen
Frå fremre til bakre
Den fremre vokalen [i]
Den sentrale vokalen [ɨ]
Den tronge, bakre vokalen [ɯ]
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen
så langt framme som ved vokalen [i],
er han fremre
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen
midt imellom fremre og bakre som ved vokalen [ɨ],
er han sentral
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen
så langt bak som ved vokalane [ɯ],
er han bakre
Den horistontale dimensjonen
Frå fremre til bakre
Den fremre vokalen [ø]
Den sentrale vokalen [ɵ]
Den tronge, bakre vokalen [o]
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen
så langt framme som ved vokalen [ø],
er han fremre
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen
midt imellom fremre og bakre som ved vokalen [ɵ],
er han sentral
Når ein vokal vert uttala med tungeryggen
så langt bak som ved vokalane [o],
er han bakre

Leppestilling, ein tredje dimensjon[endre | endre wikiteksten]

Leppestilling ved dei urunda vokalane [i], [e], [a] og dei runda vokalane [o] og [u].

Leppestillinga ved vokalane utgjer ein tredje dimensjon attåt den horisontale og den vertikale leppestillinga.

  • Når ein vokal vert uttala med leppene i same stillinga som ved vokalane [i], [e] og [a], er han urunda
  • Når ein vokal vert uttala med leppene i same stillinga som ved vokalane [o] og [u], er han runda

Denne skilnaden i leppestillinga er illustrert visuelt på teikninga til høgre.
På alle punkt i vokalfirkanten kan vi uttale både ein urunda og ein runda vokal. Her er nokre døme:

Dimensjonen leppestilling
Frå urunda til runda ved tronge, fremre vokalar
Den urunda vokalen [i] Den runda vokalen [y]
Dimensjonen leppestilling
Frå urunda til runda ved trong-midtre, fremre vokalar
Den urunda vokalen [e] Den runda vokalen [ø]
Dimensjonen leppestilling
Frå urunda til runda ved tronge, bakre vokalar
Den urunda vokalen [ɯ] Den runda vokalen [u]
Dimensjonen leppestilling
Frå urunda til runda ved trong-midtre, bakre vokalar
Den urunda vokalen [ɤ] Den runda vokalen [o]


Andre vokaleigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Vokalen kan òg vera variere langs dimensjonane nasalitet og kvantitet.

Nasalitet[endre | endre wikiteksten]

Kvantietet[endre | endre wikiteksten]

Akustiske eigenskapar[endre | endre wikiteksten]

Sjå og[endre | endre wikiteksten]