Fornuftsekteskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ekteskapet mellom Christina av Lothringen og Ferdinand de' Medici i 1589 er eit døme på eit typisk fornuftsekteskap med politiske fordelar.

Fornuftsekteskap er ekteskap danna av praktiske grunnar, og står som ein motsats til kjærleiksekteskap. Fornuftsekteskap kan vera arrangerte av andre enn dei som gifter seg, men kan også bli valde av ein eller begge partane. Grunnar til å gå inn og bli verande i fornuftsekteskap kan vera politiske eller sosiale alliansar, økonomisk eller sosial tryggleik eller ønske om opphald ein stad.

I moderne vestleg tenking er fornuftsekteskap ofte ikkje godtekne som verkelege ekteskap, og ein kan bli straffa om ein inngår skinnekteskap for å oppnå vinning. Andre stader og tider kan ha dei som ideal. Fornuftsekteskap var eit vanleg tema i europeisk litteratur på 1800-talet, som i Amtmandens Døttre av Camilla Collett, Familien på Gilje av Jonas Lie eller Krig og fred av Tolstoj.

Omgrepet «fornuftsekteskap» kan også brukast i overført tyding om samarbeid mellom ulike grupper, til dømes politiske parti, verksemder og liknande.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fornuftsekteskap

Kjelder[endre | endre wikiteksten]