Forsvarsdepartement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Forsvarsdepartement eller forsvarsministerium er departement med ansvar for militærvesenet til eit land. Det blir som regel leia av ein forsvarsminister og blir gjerne bistått av ein funksjonær som kan ha tittelen statssekretær og politiske og militære rådgjevarar.

Historisk har ein ofte skild mellom ulike hær- og marinedepartement. I nokre land har hærdepartementet vore kjend som krigsdepartementet og marinedepartement som sjø- eller sjøforsvarsdepartement. Ei tid hadde ein også eigne luftfartsdepartement, som Air Ministry i Storbritannia (1918-1964) og Reichsluftfahrtministerium i Nazi-Tyskland (1933-1945).

Forsvarsdepartement i Noreg blei danna i 1884 då Armédepartementet blei slått saman med Marinedepartementet. Departementet er leia av ein forsvarsminister og har ein statssekretær og ein politisk rådgjevar. Administrativt er det styrt av departementsråden og forsvarssjefen, som også er etatssjef for Det norske forsvaret. I tillegg til Forsvaret har departementet ansvar for Forsvarets forskningsinstitutt (FFI), Forsvarsbygg og Nasjonal sikkerhetsmyndighet (NSM).

Døme på forsvarsdepartement[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Forsvarsdepartement
Spire Denne militærartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.