Fort Severn i Ontario

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fort Severn
busetnad
Fort Severn sett frå lufta sommaren 2015
Land  Canada
Provins Ontario
Kart
Fort Severn i Ontario
55°59′33″N 87°38′06″W / 55.9925°N 87.635°W / 55.9925; -87.635
Wikimedia Commons: Fort Severn First Nation
Sign at Fort Severn Airport in English and Cree. Summer 2015
Skilt på Fort Severn lufthamn på engelsk (Fort Severn) og cree (ᐗᔕᐦᐅᐠ [Waśahohk]). Summer 2015

Fort Severn (ᐗᔕᐦᐅᐠ [Waśahohk]) er ein busetnad i Ontario i Canada. Han ligg ved Hudsonbukta, og er den nordlegaste busetnaden i provinsen.

Han blir styrt etter eit urfolksband som Fort Severn First Nation (ᐗᔕᐦᐅ ᐃᓂᓂᐗᐠ [Waśaho Ininiwak] på myr-cree) som del av swampy cree First Nation. Det offisielle namnet på reservatet er Fort Severn 89.

I 2001 hadde Fort Severn 401 innbyggjarar. Dei høyrde til 90 familiar som budde i eit område på 40 km².

Busetnaden har ein vinterveg eller isveg som blir kalla Wapusk Trail om vinteren. Denne knyter han til Peawanuck i Ontario i aust og Shamattawa og Gillam i Manitoba i vest.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området var folkesett av ulike urfolksgrupper gjennom fleire tusenår. Då europearar kom til staden budde den historiske Swampy Cree-gruppa, eit algonkinsk-talande folkeslag, i området.

I 1689 bygde Hudson's Bay Company ein festning på staden. Dei kalla han opphavleg Fort James;[1] han var ein av dei fyrste engelske handelspostane for pelshandel i den nye verda. Etter fleire år med kiving mellom Frankrike og England i Nord-Amerika gjekk franskmennene til åtak på staden og ransaka han i 1782, då dei var allierte med Dei tretten koloniane under den amerikanske sjølvstendekrigen.

Tidleg på 1900-talet, då dei føderale styresmaktene forhandla fram ein traktat med First Nations, blei det sett til side land for eit urfolksreservat i Rocksand-området på staden der Severn og Sachigo-elva renn saman, med samtykke frå leiarar på den tida. I 1973 blei reservatet flytt til munningen av Severn-elva ved Hudsonbukta, for å gje direkte tilgang til sjøfart. Reservatet fekk full status 11. januar 1980.

Styresmakter og lokale tenester[endre | endre wikiteksten]

Det blir vald ein leiar, ein nestleiar og fire band-rådsmedlem til å styra Fort Severn.

Polititenester i Fort Severn er Nishnawbe-Aski Police Service, ei urfolksdriven teneste.

Fort Severn har ikkje sjukehus, men ein lokal sjukepleiestasjon. Det blir også gjeve helsetilbod via Keewaytinook Okimakanak Telemedicine (KOTM) link.[2] Ein lege vitjar staden kvar månad for å gjera vanlege helsesjekkar og tilvisingar. Det kjem også spesialistar som optometristar, tannlegar og tannpleiarar til Fort Severn kvar andre eller tredje månad.

Wasaho Cree Nation School er ein barneskule bygd i 2016. Keewaytinook Internet High School ligg i ein liten bygning og gjev innbyggjarar tilgang til fjernundervising.[3]

Transport[endre | endre wikiteksten]

Det finst berre vegar i sjølve busetnaden, som ikkje har fast vegsamband til resten av Canada. Folk kjem seg rundt via bil, snøskuter, firehjulingar eller til fots.

Fort Severn lufthamn ligg eit kort stykke unna busetnaden og har ein tilkomstveg.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Fort Severn har subarktisk klima (Köppen-klassifisering Dfc), og er ein av dei kaldaste busetnadane i Ontario. Somrane har typsik kjølige eller milde temperaturar med kortvarige heitebølgjer, medan vintrane er kalde og lange, og kan vara frå oktober til og m ed mai.[4]

Vêrdata for Fort Severn
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Høgast målte °C 0,7 0,6 10,8 16,5 27,5 34,7 35,1 32,6 29,6 25,4 11,8 2,6 35,1
Gjennomsnittleg maks °C −18,4 −17,3 −9,6 −2,4 5,7 13,8 18,4 18 12,5 5,2 −5,4 −14,8 0,5
Døgnmiddeltemperatur °C −23,2 −23 −16 −7,8 1,1 7,9 12,4 12,6 7,9 2,1 −9 −18,6 −4,5
Gjennomsnittleg min °C −27,9 −28,3 −22,7 −13 −3,6 2 6,4 7 3,4 −1 −12,6 −22,4 −9,4
Lågast målte °C −43,7 −45,9 −39,5 −30,3 −19,1 −4,3 −0,4 −0,5 −4,8 −13,5 −33 −45,3 −45,9
[treng kjelde]

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

Fort James, ei britisk busetjing styrt av ein guvernør som rapporterer til kongen og som representerer Hudson Bay Company,[5] er den viktigaste staden i TV-serien Frontier frå 2016.[6]

Ein by som heiter Fort Severn opptrer i fleire episodar av animeserien After War Gundam X frå 1996.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ontario Forts: page 4». www.northamericanforts.com. Henta 21. april 2018. 
  2. «Telehealth and Telemedicine - Fort Severn First Nation». fortsevern.firstnation.ca. Henta 21. april 2018. 
  3. «Fort Severn - Keewaytinook Internet High School». kihs1.knet.ca. Henta 21. april 2018. 
  4. Canada, Environment and Climate Change (31. oktober 2011). «Station Results - Historical Data - Climate - Environment and Climate Change Canada». climate.weather.gc.ca (på engelsk). Henta 11. august 2020. 
  5. Getz, Dana (19. januar 2017). «Is 'Frontier' Based On A True Story? The Netflix Show Has Historical Roots». Bustle. 
  6. Foster, Ann (19. januar 2017). «Jason Momoa makes Canadian history riveting in Netflix’s ‘Frontier’». screenertv.com. Arkivert frå originalen 20. januar 2017.