Forunderleg, eit vrak som meg
«Forunderleg, eit vrak som meg» er Edvard Hoems gjendikting av salmen «Amazing Grace», ein av dei mest populære salmane i den engelskspråklege verda. Originalteksten vart skriven av John Newton i 1779.
«Amazing Grace» er omsett til mange språk. I den svenske salmeboka frå 1986 er han trykt med tittelen «Oändlig nåd mig Herren gav», i Norsk salmebok står han med tittelen «Kom, kom og hør et gledens bud», med norsk tekst av Bodvar Schjelderup (1973). Edvard Hoems omsetjing frå 1990 er bruka i ’’Salmer 1997’’, der salmen står som nr 61.
Den mest brukte tonen er henta frå Virginia Harmony (1831) utgjeven av William Walker. Han er pentatonisk, og har røter i skotsk eller irsk folkemusikk. Tonen blir òg tilskriven James P. Carrell og David S. Clayton.
Teksten [endre]
Teksten skal ta utgangspunkt Davids takkebøn, slik ho er gjengitt i Fyrste krønikebok 17,16-17. [1]
|
1. vers etter John Newton |
Norsk omsetjing av 1. vers |
Svensk omsetjing, |
Bakgrunnsstoff [endre]
|
Originaltekst av Forunderleg, eit vrak som meg ved Wikisource. |
Referansar [endre]