Fründenhorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fründenhorn
fjell
Land  Sveits
Fjellkjede Bern-Alpane
Høgd 3 369 moh.
Koordinatar 46°28′37″N 7°45′27″E / 46.47694°N 7.75750°E / 46.47694; 7.75750
Førstestiging F.R. Corradi
 - dato 8. juli 1871
Kart
Fründenhorn
46°28′37″N 7°45′27″E / 46.476944444444°N 7.7575°E / 46.476944444444; 7.7575
Wikimedia Commons: Fründenhorn

Fründenhorn er eit 3 369 m høgt fjell i Bern-Alpane i Sveits. Det ligg sør for fjellvatnet Oeschinensee ved Kandersteg. Mot vest er det over Fründenjoch (2983 m) knytt til Doldenhorn. Austover er fjellet langs Oeschinenjoch (3 172m) knytt til Oeschinenhorn, vidare mot aust langs fjellryggen ligg Blüemlisalp. På sørsida stig alle desse fjella opp frå isbreen Kanderfirn med bratte fjellveggar. Fründenhorn hevar seg over ein isbre som tek til mellom Fründenjoch og Oeschinenjoch og sidan flyt mot nord i retning Oeschinensee.

Toppturar[endre | endre wikiteksten]

8. juli 1871 stod F.R. Corradi, Emil Ober, Peter Rubi og Fritz Ogi på toppen av Fründenhorn, som dei aller fyrste.

Normalvegen til Fründenhorn går langs nordvestegga. Frå Fründenhütte går ein over Fründengletscher opp på nordvestegga, dit opp leier ei breside. Over denne sida, til endes for nok ein bergrygg, når ein fjelltoppne.

Ei spektakulær rute går langs sørvestegga. Egga starta frå Fründenjoch, som ein når ved å gå over Fründengletscher. Ruta er delvis utrusta med faste sikringar for fjellklatring.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]