Oeschinensee
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Oeschinensee | |
|---|---|
| Stad | Bernse Oberland |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Type innsjø | oligotrofisk, holomiktisk |
| Tilsig | Berglibach, Heubergbach, Lägerbach, Oeschinenbach |
| Utsig | undergrunn |
| Tilsigsområde | 22 km² |
| Tilknytte land | |
| Største lengde | 1,6 km |
| Overflateareal | 1,1147 km² |
| Middeldjupne | 34 m |
| Største djupne | 56 m |
| Hydraulisk opphaldstid | 1,61 år |
| Høgd over havet | 1578 moh |
| Tilfryst | desember til mai |
Oeschinensee er ein innsjø i Bernse Oberland i Sveits, 4 km aust for of Kandersteg i Oeschinendalen. Han ligg 1578 meter over havet og har eit overflateareal på 1,1147 km². Den største djupna er 56 meter.
Innsjøen får tilførsel via ei rekkje fjellbekkar og drenerer gjennom undergrunnen. Vatnet dukkar sidan opp att som elva Oeschibach. Delar av vatnet vert nytta som vassforsyning for Kandersteg og i vasskraft.
Vassnivået i innsjøen varierer stort, om lag 12 meter gjennom året. Innsjøen er stort sett isdekt frå desember til mai.
Sidan 2007 har innsjøen vore ein del av verdsarvstaden Jungfrau-Aletsch-Bietschhorn.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Oeschinen Lake» frå Wikipedia på engelsk, den 4. februar 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Fischerei im Oeschinensee Mal:De icon Mal:Fr icon
- Niklaus, Markus (1967), Geomorphologische und Limnologische Untersuchungen am Oeschinensee, Thun: Ott Mal:De icon