Fra Angelico

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Luca Signorelli: Fra Angelico, ca 1501

Fra Angelico, fødd Guido di Pietro mellom 1386 og 1400 i Vicchio ved Firenze, døydde 18. februar 1455 i Roma, var ein målar under den italienske ungrenessansen som arbeidde i Firenze. Giorgio Vasari skildrar han i sitt Vitae som ein målar med eit sjeldant og framifrå talent.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Guido di Pietro vart fødd i Vicchio i Mugello i Toscana, nær Fiesole. Om foreldra hans veit ein ingen ting. Han er tidlegast nemnt i eit dokument datert oktober 1407, då han under namnet Guido di Pietro vart knytt til dominikanarordenen. Eit seinare dokument viser at han var målar, då han får betaling for utført arbeid i Santo Stefano del Ponte-kyrkja. Fyrste provet på at Angelico var ordensbror (=«Fra») av dominikanarordenen er frå 1423, der vert han for fyrste gong nemnd som Fra Giovanni.

Fra Angelico fekk fyrst opplæring som illuminator. Sannsynlegvis arbeidde han saman med broren Benedetto, også han ein dominikanarmunk. Klosteret San Marco i Firenze, der Fra Angelico budde i lang tid, har fleire manuskript ein trur heilt eller delvis er laga av han.

Cellene i San Marco-klosteret i Firenze er for ein stor del måla av Fra Angelico. Bileta skulle hjelpe munkane til bøn og kontemplasjon. Klosteret er i dag nesten i sin heilskap eit museum.

Han er også kjent som il Beato Angelico, hans samtidige kjende han elles som Fra Giovanni da Fiesole. Allereie i hans levetid, eller kort tid etter, vart han omtala som Il Beato (=Den salige), som refererer til hans framifrå meisterskap i skildringa av kristne motiv.

Grava hans ligg ved Santa Maria sopra Minerva-kyrkja i Roma.

Dommedag, ca 1431

Fra Angelico vart saligkåra av pave Johannes Paul II i 1982.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fra Angelico