François Diday
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
François Diday (10. februar 1802–28. november 1877) var ein sveitsisk kunstmålar. Han var både fødd og døydde i Genève.
Diday utdanna seg til målar i Paris, og slo seg deretter ned i fødebyen. Han la ut på reiser til Italia, men heldt seg i hovudsak i Sveits. Ganske ofte stilte han ut verk på salongen i Paris, og var tildelt medaljar både i 1840 og 1841. Alexandre Calame og Charles Giron var mellom dei som gjekk i lære hos han. Han testamenterte den store formuen sin, 400 000 francs, til heimbyen Genève.
Måleria hans er prega av storarta utsikter, naturtru framstilling og sikkert val av fargar.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Denne artikkelen bygger på «François Diday» frå Wikipedia på tysk, den 24. juli 2011.