Francisco Morazán Quesada
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Francisco Morazán Quesada (3. oktober 1792–15. september 1842) var ein general og presidenten i Den mellomamerikanske føderasjonen frå 1830 til 1839. Han vart kasta frå makta i 1839 og tre år seinare vart han skoten i San José i Costa Rica, då han i eit siste forsøk prøvde å vidareføra føderasjonen.
Quesada var fødd i Tegucigalpa i det noverande Honduras, då ein del av det spanske visekongedømet Ny-Spania.