Honduras

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
República de Honduras

(norsk: Honduras, honduransk)

Det honduranske flagget Det honduranske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Tu bandera es un lampo de cielo»
Geografisk plassering av Honduras
Offisielle språk Spansk
Hovudstad Tegucigalpa
Styresett
Republikk
Juan Orlando Hernández
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
112 090 km² (102.)
Ubetydeleg
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
8 296 693 (93.)
74 /km² (107.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
Frå Spania
1821
1923
Nasjonaldag 15. september
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
33 770 mill. USD (102.)
4 200 USD (131.)
Valuta Lempira
Tidssone UTC -6
Telefonkode +504
Toppnivådomene .hn


Republikken Honduras er eit land i Mellom-Amerika. Landet grensar mot nord til Guatemala og El Salvador, og mot sør til Nicaragua, mot vest ligg Stillehavet og mot aust den Honduranske Golf og det karibiske hav. Belize (tidlegare «Britisk Honduras») ligg omkring 75 km frå Honduras, på tvers av den honduranske bukta, der dei to landa ligg tettast på kvarandre.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Honduras ligg ved det karibiske hav og nordlege Stillehavet. Klimaet varierer frå subtropisk i låglandet til tempereret i fjella.

Honduras sitt landområde består primært av fjell, men det er òg smale sletter langs kysten.

Landets naturressursar er mellom anna tømmer, gull, sølv, kopar, bly, sink, jernmalm, antimon, kol, fisk og vasskraft.

Departement[endre | endre wikiteksten]

Honduras er inddelt i 18 departement:

Kart over Honduras

Klima[endre | endre wikiteksten]

Ein har få pålitlege klimadata frå Honduras. I Tegucigalpa, som ligg i det høgareliggande området Tierra templada har ein større temperaturendringar gjennom døgnet, og kjøligare netter enn det lågareliggande området Tierra caliente. Byen har ein årleg nedbørsnormal på 832 mm. Kysten av Det karibiske havet vender stort sett mot nord, og har mykje mindre nedbør enn Nicaragua i sør og Belize i nord. Ein har like mykje nedbør her som på Stillehavskysten, noko som er uvanleg for denne regionen.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Folket i Honduras er hovudsakleg spansktalande mestisar (om lag 91 %). På nordkysten bur det ein del engelsktalande folk av afrikansk opphav. Små grupper av indianarar held òg fast ved sin opphavlege kultur i isolerte område av landet, mellom anna Chortí, Pech eller Paya, Tolupan eller Xicaque, Lenca, Sumo eller Tawahka, og Miskito. Indianarane utgjer 7 % av folketalet.

Gjennomsnittleg levetid er 72 år for kvinner og 68 år for menn.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Honduras er ein presidentstyrt republikk, der presidenten er både stats- og regjeringssjef og er folkevald. Politikken vert dominert av to parti: Partido Liberal de Honduras (Honduras' liberale parti) og Partido Nacional de Honduras (Honduras' nasjonale parti, konservativt). Ved det siste valet, 27. november 2005, fekk desse to partia 117 av dei 128 plassane i kongressen. Presidenten, Manuel Zelaya, representerer det liberale partiet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Honduras var ein del av Spania sitt store rike i den nye verda. Landet vart sjølvstendig i 1823 som del av den Sentral-Amerikanske føderasjonen, denne vart oppløyst i 1838.

Etter 25 år der landet det meste av tida var under militær leiing, kom ei fritt vald sivil regjering til makta i 1982. I 1980-åra viste Honduras seg å vere ein fristad for anti-sandinistiske contras som kjempa mot Nicaragua si regjering, samt ein alliert til El Salvador sine regjeringsstyrkar, som kjempa mot venstreorientert gerilja.

I 1998 raserte orkanen Mitch landet og øydela økonomien til landet.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Språk[endre | endre wikiteksten]

Det offisielle språket er spansk. Engelsk vert tala på nordkysten. I tillegg vert fleire indianarspråk tala.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Folket i Honduras er stort sett romersk-katolske kristne. Etter offisielle tal er 97 % av folket romersk-katolske. Evangeliske kristne grupperingar er veksande.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Honduras