Franz Hegi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kronentårnet i Zürich, 1827

Franz Hegi (16. april 177414. mars 1850) var ein sveitsisk målar og gravør.

Hegi vart fødd i Lausanne, der mor hans kom frå og faren arbeidde som gullsmed og gravør I 1780 flytta familien til Zürich. Der gjekk Hegi i lære hos målaren Matthias Pfenninger og lærde seg akvatintetsing, ein teknikk utvikla vel ti år tidlegare. Hegi vart kjend for talrike raderingar og akvatintar prenta i nyttårsblad, almanakkar og bøker. Bileta hans er i dag ei verdfull kjelde til Sveits si historie i slutten av det 18. og tidlege 19. hundreåret.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Franz Hegi
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk