Fred Åkerström

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fred Åkerström

Fødd27. januar 1937
FødestadStockholm
Død9. august 1985 (48 år)
DødsstadKarlskrona
FødenamnBo Gunnar Åkerström
OpphavSverige
Aktiv1963-1985
SjangerVisesong
InstrumentSong
Gitar
Verka somMusikar
Songar
Låtskrivar
BornCajsaStina Åkerström

Fred Åkerström (fødd 27. januar 1937 i Stockholm, død 9. august 1985 i Karlskrona), eigentleg Bo Gunnar Åkerström, var ein svensk visesongar og skodespelar. Han voks opp i den dåverande arbeidarbydelen Södermalm i Stockholm. Oppveksten skjedde under svært enkle kår og var prega av eit kjølig forhold til faren. Foreldra skilde seg, og etter dette starta mora ei systove, noko som betra dei økonomiske tilhøva. Fred Åkerstrøm snakka ikkje gjerne om dette som vaksen.

Fred Åkerstrøm forsørgde seg først med strøjobbar av forskjellig karakter. Han fatta tidleg interesse for visesong etter at han som barn hadde høyrt Ruben Nilson. I byrjinga av 1960-åra hadde Åkerström suksess på «viseprammen» Storken med tolkingar av Ruben Nilson. Han vart oppdaga av Anders Burman i plateselskapet Metronome og kom i 1963 med debutplata Fred Åkerström sjunger Ruben Nilson.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Fred Åkerström vart ein av dei leiande visesongarane og trubadurane i Sverige på 1960-talet. Han hadde ein inderleg og lett skurrande bassrøyst. Fred Åkerström spelte òg ei stor rolle i samband med gjennombrotet til Cornelis Vreeswijk. Relasjonen mellom dei var i periodar svært varmt og intensivt, i andre periodar kunne det vere kaldt og distansert. Mange har fortalt om den rivaliseringa som råda mellom dei, som til og med førte til handgemeng. Trass dette hadde dei likevel alltid ein gjensidig respekt for kvarandre. Cornelis Vreeswijk tileigna seinare ei vise til Fred Åkerström etter hans bortgang.

I 1964 gjennomførte Åkerström ein viseturné saman med Ann-Louise Hanson og Cornelis Vreeswijk. Samarbeidet resulterte seinare i plata Visor och oförskämdheter.

Politisk engasjement[endre | endre wikiteksten]

I andre halvdel av 1960-åra vart Åkerström meir politisk, og han spelte inn mange politiske viser. Av desse var Sådan är kapitalismen. Han organiserte seg seinare i KFML(r) (no Kommunistiska Partiet) og stifta YrkesTrubadurernas Förening - YTF saman med mellom andre Cornelis Vreeswijk og Finn Zetterholm.

I 1972 slapp Fred Åkerström albumet Två tungor med balladen Jag ger dig min morgon, der han skreiv ein svensk tekst til Tom Paxton sin I Give You the Morning. Jag ger dig min morgon er rekna som ein av dei mest kjende songane til Åkerström. Albumet vart skapt i samarbeid med hans norske kollegaer Lillebjørn Nilsen og Finn Kalvik. Dei spelte gitar, banjo og seljefløyte på plata. Han tok òg med sine eigne gjendiktningar av songane deira. Tittelen er henta frå Inger Hagerup-diktet, To Tunger.

Dei siste åra[endre | endre wikiteksten]

Fred Åkerström sin død innebar ein «rungande tystnad» ifølgje kulturjournalisten Oscar Hedlund. Fred Åkerström har vorte sett som ein av dei absolutt fremste visesongarane i Sverige. Den intensivt kjenslemessige innlevinga og kraftfulle, men òg vare røysta hans berørte dei fleste som såg han opptre.

Fred Åkerström er far til CajsaStina Åkerström, kalla opp etter ei jente i ein av Fredmans epistler.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Fred Åkerström sjunger Ruben Nilson (1963)
  • Fred besjunger Frida (1964), viser av Birger Sjöberg
  • Visor och oförskämdheter (1964), konsertturné med Cornelis Vreeswijk og Ann-Louise Hanson
  • Visor i närheten (1965) Fred sjunger Fritz Sjöströms visor
  • Doktor Dolittle (1965) Berre songen «Jag tror aldrig jag sett på maken»
  • Dagsedlar åt kapitalismen (1967), mellom anna Sådan är kapitalismen og melodiar av Stig Dagerman
  • Fred sjunger Bellman (1969)
  • Mera Ruben Nilson (1971)
  • Två tungor (1972), med m.a. Jag ger dig min morgon
  • Stöd de strejkande hamnarbetarna (1974)
  • Glimmande nymf (1974), med Trio CMB (gitar, fløyte og cello)
  • Bananskiva (1976)
  • Vila vid denna källa (1977), med Trio CMB (gitar, fløyte og cello)
  • Sjöfolk & Landkrabbor (1978)
  • Åkerströms blandning (1982)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]