Freden i Wien i 1738

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Medalje til minne om Wien-avtalen i 1738

Freden i Wien eller Wien-traktaten vart signert den 18. november 1738. Han enda den polske arvefølgjekrigen. Med vilkåra i avtalen måtte Stanisław Leszczyński sei frå seg krava sine på den polske trona og respektere August III, hertug av Sachsen.[1] Som kompensasjon fekk han i staden hertugdømet Lorraine og Bar, som vart gjeven til Frankrike då han døydde.[1] Han døydde i 1766. Frans Stefan, som då var hertug av Lorraine, fekk i staden den ledige trona i storhertugdømet Toscana, den siste frå Medici-familien hadde døydd i 1737. Frankrike godtok òg den pragmatiske sanksjonen i freden i Wien. I ein annan del av avtalen vart kongedømet Napoli og Sicilia avstått av Austerrike til hertug Karl av Parma og Piacenza, den yngre sonen til kong Filip V av Spania. Karl måtte så avstå Parma til Austerrike, og gje opp krava sine om trona i Toscana.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Lindsay, J. O. (1957) The New Cambridge Modern History Cambridge University Press, Cambridge, England, page 205, ISBN 0-521-04545-2