Filip V av Spania

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Filip V
Felipe V; Rey de España.jpg
Konge av Spania
Regjeringstid 1700–1724
1724-1746
Fødd 19. desember 1683
Fødestad Versailles i Frankrike
Død 9. juli 1746
Dødsstad Madrid i Spania
Føregjengar Karl II
Ludvig
Barn Ludvig I
Ferdinand VI
Karl III
Mariana Victoria, dronning av Portugal
Filip av Parma
Maria Teresa, dauphine av Frankrike
Louis de Chinchon
Maria Antonieta, dronning av Sardinia
Etterfølgjar Ludvig
Ferdinand VI
Koner Maria Luisa av Savoie
Elisabeth av Parma
Kongehus Huset Bourbon
Far Ludvig, dauphin av Frankrike
Mor Maria Anna av Bayern

Filip V av Spania (19. desember 16839. juli 1746), fødd Philippe de France, kongeleg prins og hertug av Anjou, var konge i Spania frå 1700 til 1724 og frå 1724 til 1746, den første frå Bourbon-dynastiet i Spania.

Filip var den andre son til Ludvig le Grand Dauphin og Maria Anna av Bayern,[1] kjend som Dauphine Victoire. Han var den yngre bror til Louis, duc de Bourgogne og onkel til Ludvig XV av Frankrike.

Besteforeldra på farssida var Ludvig XIV av Frankrike[2] og Maria Theresa av Spania og på morssida Ferdinand Maria av Bayern og Adelaide Henriette av Savoie.

Filip vart fødd i Versailles i Frankrike. Då Karl II av Spania døydde den 1. november 1700 hadde han i testamentet sitt utsett Filip som tronfølgjar. Farfar til Filip, Ludvig XIV av Frankrike, strevde etter å auke påverknaden til Huset Bourbon og Frankrike i Spania, noko andre europeiske stormakter motsette seg, framfor alt Austerrike og det habsburgske dynastiet her som meinte dei hadde arveretten til Spania. Dette førte til den spanske arvefølgjekrigen (1701-1713) der Spania mista Menorca og Gibraltar til Storbritannia og Dei spanske Nederlanda, Milano og Napoli til Austerrike gjennom freden i Kastatt i 1714. Filip vart derimot verande regent i landet, men Spania hadde gjennom krigen mista status som stormakt til fordel for Storbritannia, som no hadde vorte ein overlegen sjøfarts- og handelsnasjon. Den spanske krona var på denne tida fleire gonger avhengig av den franske, noko som minka den politiske makta til landet.

Filip var frå kroninga si titulert konge over Castilla og Aragón, men det sistnemnde vart oppløyst mellom 1707 og 1716, og Filip vart konge over eit samla spansk kongerike.

Den 14. januar 1724 abdiserte Filip til fordel for sin eldste son, Ludvig, men vart tvinga tilbake til makta då Ludvig døydde av koppar.

I 1731 erkjende han, i byte mot at sonen hans Karl fekk arverett på Parma og Piacenza, keisar Karl VI sin pragmatiske sanksjon frå 19. april 1713. Under den polske arvefølgjekrigen (1733-1738) og den austerrikske arvefølgjekrigen hjelpte Filip sine bourbonske slektningar med å vinne landområde, mellom anna ved å sende 30 000 mann til Italia og vine tilbake Napoli og Sicilia i 1735. Dei seinare åra under Filip kom Spania seg på fote att etter åra med stagnasjon under det tidlegare habsburgske dynastiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kamen, Henry. "Philip V of Spain:: The King who Reigned Twice", s.6. Utgjeve av Yale University Press, 2001. ISBN 0-300-08718-7
  2. The Houghton Mifflin Dictionary of Biography, s. 1203. Houghton Mifflin, 2003 ISBN 0-618-25210-X.