Freifjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Freifjorden er ein fjord i Kristiansund, Gjemnes og Tingvoll kommuneNordmøre. Fjorden strekkjer seg 14 km sørvestover på vest og sørsida av Freiøya mellom Talgsjøen i nord og Kvernesfjorden i sørvest.

Fjorden har innløp mellom Årsundøya i aust og Gyltneset på Freiøya i vest. Nordaust for innløpet ligg innløpet til Vinjefjorden. I andre enden av fjorden, mellom Flatsetøya i nord og Bergsøya går den 5 km lange Freifjordtunnelen under fjorden som ein del av riksveg 70 og Krifast til Kristiansund lenger nord. I tillegg til Bergsøya ligg Aspøya og Straumsnes på sør og austsida av fjorden. Mellom Bergsøya og Aspøya går Bergsøysundet sør til Tingvollfjorden.

Av busetnader langs fjorden finn ein Ørnvik, Kvalvåg, Ora og bygda Frei på Freisida av fjorden. På austsida er det berre mindre bruk og gardar, men på Straumsnes finn ein grenda Kvisvika.

Fv285 går på sørsida av fjorden over Bergsøya og Aspøya.