Fruktsaft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg andre tydingar av ordet 'jus'
Ferskpressa jusar av mosambi og granateple.

Jus (juice) (frå latin jus, som òg er i slekt med det norske ordet ost), most eller fruktsaft, er drikkbar saft frå planter (vanlegvis pressa frukt eller bær, men kan òg vera laga av grønsaker). Vanlege jusar er appelsinjus, eplemost, tomatjus og fleire blandingsjusar.

Appelsiner og appelsinjus.

Ein kan pressa fersk jus for hand eller i ei fruktpresse, men det er òg vanleg å kjøpa han på flaske eller kartong. Drikken kan då anten vera ferskvare som må drikkast raskt, eller tilsett konserveringsmiddel slik at han held seg lenger. Jo ferskare jusen er, jo betre er han på smak, og jo fleire vitaminar inneheld han.

Jus drikk ein alltid kald. Orda jus (juice) og fruktsaft bruker ein normalt om saftdrikkar der fruktinnhaldet er nær 100 % og ikkje tynna ut med vatn.[1] Viss ein kald fruktdrikk inneheld lite frukt og mykje vatn eller kunstige tilsetningar (som t.d. sukker), bør ein ikkje kalla han jus, men kan seia til dømes saft, limonade eller nektar istaden.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jus inneheld vatn naturleg, og når jus skal distribuerast for sal, vert ofte ein del av dette vatnet fjerna for å kunna transportera jusen i konsentrert form. Då lyt ein etterpå tilsetja vatn inntil konsentrasjonen er den same som han var i utgongspunktet.