Appelsin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Appelsin


Appelsinfrukter og blomar på treet
Appelsinfrukter og blomar på treet

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Sapindales
Familie: Rutaceae
Slekt: Citrus
Art: C. sinesis
Vitskapleg namn
Citrus sinesis

Appelsin (Citrus sinesis) er ei sitrusfrukt som stammar frå Asia. Appelsinen vert dyrka i Middelhavslanda, USA og Latin-Amerika. Frukta er rund og oransje med tjukt skal.

Appelsinar inneheld mykje C-vitamin. Appelsin vert både ete frisk og brukt i matlaging. Apsikat er laga av appelsinskal.

Namnet appelsin tyder «kinesisk eple». Dette namnet kjem frå folkeleg nederlandsk appelsien (standard nederlandsk: sinaasappel) og blir bruka på dansk, norsk, svensk (apelsin), islandsk (appelsína), russisk (apelsin) og på finsk (appelsiini). På norsk kan ordet ha alle tre genera (hankjønn, hokjønn eller inkjekjønn), avhengig av dialekt.

Appelsiner

Appelsintreet kan bli 12 meter høgt. Det har læraktige blad, nokre tornar og det blomstrar heile året. Frukta er eigentleg eit bær. Appelsintreet høyrer til rutefamilien. Det er for det meste fruktene som vert brukt, men det er mogleg å laga te av blomstrane. Dei kan òg kokast og brukast i mat.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Appelsin