Eple

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Eple


Illustration Malus domestica0.jpg

Systematikk
Rike: Plantae
Rekkje: Magnoliophyta
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Rosales
Familie: Rosaceae
Slekt: Malus
Vitskapleg namn
Malus domestica

Eple er frukta på apalen (Malus spp.). Det høyrer til rosefamilien. Det finst over 7000 ulike eplesortar som alle stammar frå det sure villeplet.

Gammal Torsteinsapal i bløming.

Modne eple kan vera raude, gule eller grøne. Eple vert ofte etne som frukt, men kan òg brukast i matlaging. Eplesafta vert brukt rein eller i enkelte drikker, som sider og calvados.

Eple blir mellom anna etne med honning under rosj hasjaná, den jødiske nyttårsfeiringa, som symbol på eit søtt nytt år.

Fleire tydingar av eple[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til å skildra eplefrukta, har ordet «eple» òg blitt brukt om alle slags frukter på fleire europeiske språk. Dette har ført til at det finst fleire eple i sogene enn det som var tilfelle i røyndomen. Den forbodne frukta som Adam og Eva åt av kallar ein me i dag gjerne eit eple, og den gule kveden som sådde splid mellom greske gudinner er òg blitt til eit stridseple.

Pommes d'amour, søte kjærleikseple

I norrøn gudetru åtte Idun eple som heldt gudane unge, og eple går igjen som lækjande eller drepande frukter som i boka Draumen om Narnia eller eventyret om Snøkvit. Wilhelm Tell er kjend for å ha treft eit eple på sonen sitt hovud, og vitskapsmannen Isaac Newton skal ha utvikla teorien sin om tyngdekrafta fordi han såg eit eple falla frå eit tre.

Jordeple er eit anna namn for potet, og appelsin tyder «kinesisk eple». Ordet finst òg i namna til mange andre frukter, som granateple.

Eplesortar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Sommareple

  • Kvit Astrakan (Glaseple)
  • Transparent blanche
  • Gyllenkroks Astrakan

Hausteple

  • Säfstaholm
  • Raud Säfstaholm
  • Raud Melba
  • Haugmann
  • James Grieve
  • Raud Grieve
  • Prinsar
  • Lobo

Vintereple

  • Signe Tillisch
  • Gul Gravenstein
  • Raud Gravenstein
  • Fuhr
  • Coxs pomona
  • Åkerø
  • Filippa
  • Kaupanger
  • Coxs orange
  • Lextons superb
  • Silkeeple (Annie Elisabeth)
  • Ingrid Marie
  • Ribston
  • Raud Ribston
  • Torstein
  • Raud Torstein

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Eple